Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Arbeid i fargeriet

    Eg hugsar framleis godt arbei­det i fargeriet. Etter kvart hjelpte eg vel til litt óg. Førebuinga til ein arbeidsdag var viktig. Tøyet til stamping vart målt opp og dei ymse vevane sydd saman til lek­kjer. Det vart sett opp ein stampesetel for kvar lekkje, alltid med namn på eigarane av kvar vev. Far visste kva ynskje til den einskilde kunne vera.

    På same måte vart fargetøyet gjort klart. Det var ofte tøy som nett var stampa, ofte vått. Fargetøyet måtte likevel alltid vegast turt for å rekna ut kor mykje fargestoff, glaubersalt og svovelsyre som skulle til. Dei mest etterspurde fargane var svart, de­retter mørkeblått. Fleire stykke som skulle ha same fargen, vart sydd saman. Der var ópg tøystykke som skulle ha andre fargar. Særleg hugsar eg vinraudt, rustraudt og mosegrønt, og desse stykka kunne vera små, heilt ned til nokre få meter. Det vart sett opp fargesetel med vekt, og ofte vart fargane vegne opp og lagt på eit papir dagen før.

    Kapasiteten på fargeriet var så stor at det ikkje vart turvande å ha verksemda i gang kvar arbeids­dag. Kor ofte det skulle vera «fyr oppe», kunne variera mykje. Etter siste krig gjekk arbeidsmengda fort nedover, frå ein gong i veka til ein gong i månaden på byrjinga av 50-talet.

    Hadde det samla seg opp mykje arbeid, var det vanleg å ha «fyr oppe» to dagar i fylgd, stamping fyrste dagen og farging den neste. Dei dagane det skulle verafyr oppe, måtte fyrbøtaren – far – stå tidleg opp og kveikja eld under kjelen. Var kjelen kald, tok det opp til to timar før dampen kom og det var nok trykk til at dampmaskina orka dra stampemaskina. Varmt vatn til den fyrste stampinga om morgonen vart heta i ei bytte med eit damprøyr. Det tok berre eit halvt minutt med eit kraftig bråk då dampen konden­serte direkte i bytta. Stampinga tok kanskje ein halv time for ei heil lekkje, men ein måtte fylgja godt med og ta ut etter kvart den eller dei vevane som hadde fått nok.

    Etter stampinga, som sams­tundes var vasking av tøyet, skulle det skyljast. Skyljemaskina tok opp til tre lekkjer frå stampemaskina. Tøyet vart skylja i 2 – 3 vatn. Lekkjene vart lagt opp på trebuk­kar mellom kvart steg i handsarninga.

    Før turking, måtte tøyet strekkjast. Dette vart gjort ved å rulla det våte tøyet stramt opp på teinar av 32 mm røyr. Ein rullestol vart nytta, han hadde fleire åsar som tøyet vart tredd millom fram og attende slik at det vart bremsa opp. Straks føre sjølve opprullinga på teinen låg to breie plankar med skråriller som eit fiskebeinmønster som tøyet gjekk mellom og vart strekt ut i breidda. Tøy som skulle fargast, og også serleg vanskelege vevar, vart rulla opp på særskilte gjennomhola røyr for damping, noko som verkeleg fekk skrukkene bort. Etter to døgn i strekk, eller når dei rullane som hadde vore til damping var heilt kalde, vart tøyet hengt opp til turk på loftet. Deret­ter vart lekkjene tatt frå kvarand­re att og kvar vev rulla opp og var ferdig for utlevering.

    Farginga byrja med å gjera klar fargebadet, eller fargevatnet. Fyrst vart vatnet varma opp noko. Fargestoffa vart blanda ut i litt av vatnet, i eit koparspann for dei store fargekara og i ei koparause for dei mindre. Både ausa og dei små koparfargekara måtte vera reine. Var det turvande, vart dei skura med ei sekkefille med oske frå grua.

    Tøyet måtte raskt opp i vatnet, det var om å gjera at alt i det minste vart fukta brennkvikt. Så vart vatnet varma vidare opp medan tøyet heile tida måtte vera i rørsle.

    Kjeppar vart nytta til dei små fargekara. Etter kvar jol kom det ein ny kjepp i fargeriet – frå joletreet. Etter om lag ein times koking, kunne tøyet skyljast og hengjast opp til turking. Deretter fylgde pressing og damping, eller tilreiing og så pressing og damping som tidlegare nemnd.

     Å leggja ein pakke til pressa var eit arbeid som måtte gjerast noggrant. Rask og bos var kosta bort med samanbunta og avbarka bjørkeris. Trefliser, bomullstrådar og anna sat ofte så fast at det måtte takast bort med ei nål eller anna høveleg reiskap.

    Den vanlege ullfargen beit ikkje på bomull. Var det mykje bomullstråder i veven, vart bomullsfarge til­sett, dermed vart bomulla farga bort og var ikkje meir synleg. Av og til var jarane bretta innover og såpass mykje at knappenåler måtte til for å festa dei rett i papp-platene. Fargetøyet vart sers fint rulla opp på arbeidsbenken i midtkjellaren, pakka inn, og var dermed ferdig.

    Prisane for arbeidet vart fast­sett etter vekt for fargetøyet og etter lengd for stampetøyet, eg hugsar kr 4 for kvar kilo fargetøy og kr 0,50 for kvar halvmeter stampetøy. For rulling og tilreiing kom noko i tillegg.

    I tillegg til vevane, vart det óg farga ein del gamhesper, eg hugsar nokre større parti til Kvinge ullvarefabrikk. Dressar, kåper og andre liknande plagg kom også til farging, helst frå lys til mørk farge.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16