Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Pakfarvefabrikken Radio

    Det var ein marknad for ferdige fargar for heimebruk, til dømes for å farga nokre garnhesper eller eit kledeplagg. Bestefar byrja med å blanda ferdige fargar, som han selde i posar på 20 gram. Han innreidde eit rom i uthuset søraust for bustadhuset, skykkja. Her la han inn omn, sette opp arbeidsbenkar, hyller osb. Etter dette heiter rommet enno verkstaden.

    Nedunder er vist forsida av ein prøvefaldar for desse fargane, 48 å velja i.

    Martinus, far min, kom etter kvart inn i verksemda, han var 20 år då fyrste verdskrigen slutta. Verbror, Herman Heggenes, gift med Betzy, var politimann i Bergen. Han var ofte i Masfjorden og han og far fór på salsreiser, serleg i Sogn der han kom frå. Dei bruka motorsykkel, far fekk førar­kort i 1924.

    Denne verksemda var i gang til etter siste krig. Ein vanske med fargepakkane var råme, som glaubersaltet i fargeblandinga trekte til seg. Dette leidde til at levetida kunne bli kort. Far hadde planar om å skaffe små blekkboksar, men så fall marknaden bort.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16