Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Krambua

    Etter at bestefar hadde sett opp fargeribygnaden, innreidde han eit kontor i sørvestre delen av kjella­ren under bustadhuset, det som opphaveleg var fargeriet. Ein disk i vinkel delte rommet i to. Innanfor var der hyller og skuffer, og etter­kvart fekk rommet eit stort vindauge mot vegen . Her kunne fargeprøver og pakkfargar visast. Tante Aslaug kalla jamt rommet for kram­bua. Her vart tøy til farging og stamping teke mot, og her vart ferdig tøy lagt i hyllene og seinare levert ut eller sendt med rutebå­ten. Tøy som kom til fargeriet, vart førd inn i dagboka og fekk eit nummer for attkjenning. Numme­ret vart sydd inn med bomullstråd og stoppenål i den eine enden. Tala vart noko forenkla, eg hugsar Z for 2-tal, X for åttetal og for null.

    Bestefar hadde fleire ombod. Han var soknekasserar, tilsynsmann i fattigstellet, kyrkjeverge og med i leiinga i banken. I disken var det sjølvsagt ein klaff slik at ein kunne gå frå ei side til den andre. Klaffen låg Jamt open med baksida opp. Her hugsar eg ei djup grop, som kom frå den tid bestefar karva pipetobakken sin her.

    Far hadde også liknande ombod som bestefar. I 1937 vart han tilsett som heradskasserar. Dette vart etter kvart hovudyrket. Han tok ut den gamle krambuinnreiinga på 1950-talet. Seinare vart heradskasserarkontoret flytta til heradshuset og krambua innre­idd til kjellarstove.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16