Skip to content

Fargeridrift på Sandnes

    Brenne under dampkjelen

    Hadde fargeriet vorte grunnlagt i desse dagar, ville maskinene – stampe, skyljemaskin osb.  – hatt kvar sin elektromotor som drivkjelde. Fargekara ville hatt dam­poppvarming, men dampkjelen ville sikkert hatt både elektro- og oljefyring.

    For 90 år sidan hadde ikkje bes­tefar noko val. Rett nok kunne eit stampeverk drivast med vasshjul, men det løyser ikkje oppvarminga av fargekara. Dampdrifta løyste begge desse utfordringane for bestefar, dessutan hadde han fridom til å leggja fargeriet nett der han ville.

    Ei lågtrykk dampmaskin med friblåsing, det vil seia at av dampen går rett ut i lufta, nyttar ikkje varmen i brennet særleg godt. Berre 15 – 20 % vert omsett til nyttig arbeid. Det trongst såleis mykje brenne, særleg til stamp­inga. På den andre sida kunne dampkjelen nytta alt som brenn, sjølv om det kunne vera svært så vått, det brann mest like godt. Det beste og «rikaste» brenslet var ste­inkol, noko som opp gjennom åra vart nytta mykje av. Nordaust for fargeriet bygde bestefar tidleg eit skur for brennvyrket, der var tak over der veden skulle lagrast. Kolet derimot, låg under open himmel. Ein del av veggen i skuret kunne takast bort. Når kolet kom med frakteskute, vart det leigd hestar med køyrar for å få kolet i hus.

    Under siste krig vart vanskane med å få fatt i brenne den største utfordringa for å kunna halda fargeriet i gang. Løysinga vart sagerabb frå Mollandseid, mestedels frå Duesundsaga, men også noko frå Reknessaga. Eg hugsar mange fine, men strevsame turar med motorbåten og færingen på slep. Rabbet vart fyllt i sekker og der­etter vart muleband sett på. Opp til 20-30 sekker hadde me på kvar tur, og alt gjekk med til ein einaste dag med fyr oppe.

    Det hende at sagene på Mollandseid stod i lang tid. Ein gong sanka far einer i marka, men det rakk berre til ein halv dags drift med litt farging og inga stam­ping.

    Frå snikkarverkstaden på Sandnes fekk far ender og då noko høvelspon, men det var ikkje mykje hete å få or denne sponen. Då Nesehuset skulle rivast, kjøpte far ein del av tømmeret, saga det opp i 2 m lengder og fyra det opp under kjelen. Straks etter siste krig kjøpte far nokre tonn kol under auksjonen etter tyskarane på Matre.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16