Skip to content

Silde- og brislingfiske i Masfjorden og Austfjorden

    Silde- og brislingfiske var ei god inntekt for folk på gardane som låg til sjøen her i fjorden. Det var fiske med landnot den fyrste tidi fram til snurpenoti kom i bruk i 30-åra. Berre her på Kvingegardane var det ei tid 5 brislingbruk, so det vart hard konkurranse mellom notlaga og det førte ofte til at eit par lag arbeidde saman. Eit notlag med Ole Lidal som eigar og «bas» kosta seg snurpenot tidleg i trettiåra.

    Ein vinter like før krigen gjekk storsildi forbi Fedje og seig langt inn Fensfjorden. Sør-Kvinge notlag, Raudsida Notlag og Lidal med snurpenota rusta seg ut og reiste utover. Ved Raunøy møtte dei storsilda. Ho gjekk i storeflak over heile fjorden, og gjekk oppe so ein kunde høyra braket på lang avstand. Det vart kasta med snurpa, men det vart bom-kast. I andre kastet var me heldigare. Me fekk meir sild enn me kunne ta vare på. Men mens me låg og håva kom Sandnes notlag til. Dei hadde vore på Fedje med vinterbruket sitt og gjort bomtur for storsilda hadde fare forbi og teke inn Fensfjor­den. Men no fekk dei den silda me ikkje hadde plass til. Det var seine nyttårskvelden før me kom heim.

    Det var ikkje vanleg at storsilda kom inn fjorden i slike store mengder. Derimot var det van­leg at eit «slør» av vårsild kom inn seinare på vinteren. No ser ein sjeldan kval inne i fjorden. Før var det eit vanleg syn. Ein gong såg eg ein stor kval kom ut frå Nord-Kvingevågen. Han «gjekk på sporen» så lenge eg såg han. Det er eit syn eg ikkje kjem til å gløyma.

    Far fortalde at like før 1900 rende ein stor kval seg opp i fjøra her. Gamle Konow sto oppe på «Buhaugen» og skaut på kvalen med hagle. Det vart ikkje kvalkj øt på Konowen, for kvalen kom seg ut på djupt vatn og forsvann.

    Størja var eit vanleg syn. Var her sild så var det og størja ut på sommaren, ofte i store mengder. No er ho heilt borte sjølv om her er sild.

    Brislingfiske med landnot kunne det vera mykje å skriva om. Fyrste gongen eg fekk sjå at det vart kasta etter brisling med landnot var i 1922. Saman med far og bror, var eg på ferie hjå bestefar på Åbakken. Den da­gen me skulle reisa heim, seig store mengder brisling opp på vågen der dampskipskaien var. 4 til 5 nøter gjekk i sjøen – det eine stenget eller kastet utanfor det andre. Me måtte «borda» dampen langt ute i vågen og måtte ro over den eine noti etter den andre for å koma ombord.

    Til langt opp i femtiåra føregjekk det eit stort lysfiske etter sildemussa inne i Austfjorden. Om dagen låg snurparane i havn her på Sør-Kvingo, der det var handelsmann, post og telefon. Ofte var det så mange bruk at ein kunne gå tørrskodd over vågen.

    Det har vist seg at Fensfjor­den er rik på raudåte og den er difor ein god fiskefjord, og innsig av brisling var årviss. 1924, 1925 og særleg 1926 var rike brislingår. I 1924 fekk ein over kr 11,00 pr. sjeppe. Mestepar­ten blei levert til hermetikk. Opptak og levering til føringsbå­tane føregjekk om natta slik at silda var framme til fabrikkane til arbeidstid neste dag. Noko gjekk og til krydring – seinsom­mar/haust – dersom brislingen var stor og feit nok.

    11924 kjøpte notlaget vårt ny notbåt. Den vart bestilt og bygd i Herand i Hardanger. Det er den båten sogelaget i Masfjorden har fått. Eit par år seinare fekk Sør-Kvingo notlag bygd seg ein litt større båt ved same båtbyggeriet. Den vart seinare seld til ein Haugen på Askøy. Han sette motor i den.

    Før ein fekk motor i båtane trong eit notlag eit relativt stort mannskap for å kunna operera, og det måtte ha tre båtar: Notbåt, spelbåt/øyrebåt og lettbåt. På lettbåten var «basen» og ein rokar. I spelbåten var det minst 2 mann og i notbåten var det frå 4 til 6 mann etter kor stor not og båt ein hadde. Noti gjekk ut og vart tatt inn over rull i gavlen. To mann kasta ut noti og resten rodde. Det vart hardt arbeid å få ut den tunge bomullsnoti. Sei­nare vart notbåtane utstyrt med siderull og noti kunne sveivast inn og ut, og det var ein stor lette og ein sparde mannskap. Det var basen sin jobb å finna silda og å dirigera kastet. Den vikti­gaste reidskapen for å finna sil­da var loddet. Det er eit blylodd i enden av ein messing streng. Ved å ro med loddet ute og messingstrengen på peikefingen kunne ein god bas bedømma om det var sild, kor mykje og kor djupt ho stod.

    Når kastet var gjort var det om å gjera å få dradd notøyra til lands så snart ein kunne. I notbåt og spelbåt hadde ein gangspel til det føremålet – ein rull med handspakar på. Seina­re fekk ein vinsj slik at ein mann kunne sveiva landtauet inn. Enkelte fekk og motor i båtane, og det gjorde arbeidet mykje let­tare og ein trong mindre folk.

    Under kasting dersom noti ikkje strakk til og ein vart redd for at sildi skulle «gå um øyra», kunne ein skremma henne inn att i stenget ved å bruka ei «skimle». Det var ei kvitmåla fjøl med søkke på, festa til eit sterkt snøre. Den var skapt som ei størje, og ved å heisa fjøli opp og ned i sjøen var det ofte ein fekk snudd sildedotten. Mannen som drog skimla opp og ned vart kalla «skimlebas».

    Det høyrde mykje utstyr med til eit notbruk. Forutan kastenoti var ein eller fleire trengder for låssetting av silda, orkastenot, håvar og ein masse tauverk av ymse tjukkelse, kaggar, dreg­gar m.v. Nøtene og tauverket var av bomull og hamp, og skulle det ikkje rotna bort måtte det tørkast etter at det var blitt vått. Det vart gjort ved at nøtene vart hengde opp i nothus, eller let­tast ved at dei vart tørka på vadleberg. Men det var få av notlaga som hadde høve til det.

    Notlaga på Sør-Kvingo var heldige. Dei hadde eit framifrå vadleberg på Skutevikneset. Plassen vart øydelagd tidleg i 80-åra, då det vart bygd eit smoltanlegg på staden.

    Eit notbruk krov eit utruleg stort vedlikehald. Kvar vår skulle båtane gåast etter og tjøre-breiast, og nøtene og tauverket skulle barkast. Og det var ein stor operasjon. Til barking brukte me bjørkebork, tjøra og i seinare tid noko kateku. Det var eit garvestoff som hadde den ulempa at etter at noti var barka og tørka så måtte ho snarast mogeleg i sjø att, for ikkje å «brenna opp». Barkelogen vart kort opp i store kopparkjelar, og så helt over nøter og tauverk i store barkekar.

    Berre den som har vore med på dette kan forstå kva det har betydd at ein fekk nøter og tau­verk av kunstfiber. Reiskapen vart lettare i vekt. Den trong ikkje tørking eller barking som den gamle reiskapen – og den var billigare.

    Sjølv om ein av og til kan gjera eit godt varp så var det ikkje lett-tente pengar å vera brislingfis­kar i gamle dagar.

    Magnus E. Kvinge