Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Lat oss observera nøye og me­todisk livet til denne huslyden, og – fordi arbeidet er grunnlaget for alle andre element av livet – lat oss leggja vinn på å læra heile rekkja av etterfylgjande arbeidsoppgåver gjennom året å kjenna, dei som denne garden legg på huslyden som bur der.

    Om våren, det vil seia omkring 15. april, byrjar dei å køyra gjødsla ut på marka, med ei lita kjerre som den vesle norske hesten dreg. På denne tida må kvinnene – dersom det er for lite høy att frå året i førevegen – ut i utmarka og samla røsslyng til buskapen. På to veker er vårarbeidet gjort og kornet sått og potetene komne i jorda. Ein kan no vøla steingjerde og elles gå til skogs og hogga dei trea ein ikkje fekk tid til å fella om vinteren.

    Mot slutten av juni månad byrjar slåttonna, det er den store årlege arbeidsoppgåva i bondekul­turen her, og det sentrale i bruk og utnytting av jorda.

    Slik er det fordi talet på fe, sauer og kyr på kvar gard må retta seg etter den mengda av høy som ein klarer å berga om sumaren for neste vinter. Høyonna varer heilt til 25. august, og denne lange tida seier ikkje noko om mengda av høy som vart samla, men om kor vanskeleg arbeidet er. Slåtten er verkeleg særs strevsam, for bort­sett frå dei fire jordstykka eg har nemnt før og nokre jordlappar som også ligg nokolunde flatt til, er storparten av høyet innhausta i svært bratte og ujamne brekker.

    Eg har sjølv sett, midt i august, korleis borna i familien Bergsvik saman med far sin slo heilt til dei minste grastustane, eg vil seia til dei minste strå, som dei kunne hausta. Til dette slåttearbeidet nyttar dei lite den slags ljå som våre franske jordbrukarar nytta ( før oppfinninga av slåmaskina ). På mange stader er ein nøydd til å bruka ein stutt rettlina ljå som er skjeft med eit kort skaft. Denne stuttorvljåen handterer ein lett med høgre handa samstundes som ein med venstre handa held om graset som ein skal slå.

    Når graset er slege, turkar det slett ikkje dersom ein nøyer seg med å lata det liggja på bakken: Sola er ikkje varm nok og råmen og væte er for stor. Difor bind dei på staurar fire eller fem liner eller strengjer parallelt, og på desse strengjene hesjar dei graset etter kvart som det vert slege. Såleis glid regnet av utan å røyta graset, og høyet kan ta den tida det treng for å turka. Til dette onnearbeidet trengst det at alle familiemedlem­mene er med, og ingen sparer seg for strevet: Dette er óg den einaste årstida då det norske jordbruksfolket er underkasta eit verkeleg hardt arbeid.

    I slutten av august brukar dei ei veke på å skjera kornet, og den fyrste september byrjar dei den andre slåttonna, håslåtten. Det er gras som ikkje er så næringsrikt som fyrste slåtten, men like vel trengst det til vinterforet. Etter denne andre slåtten tek dei opp potetene og omkring 15. oktober byrjar vinteren, den lange bolken av nedbør og mørke, då folket er oppteke med å stella buskapen, med å vøla reidskapar, med å hogga og køyra tømmer og framfor alt ved til oppvarming.

    I jola er det ei roleg kviletid på åtte eller ti dagar. Omkring tredje januar tek dei opp att skogsarbei­det som varer vinteren ut, det vil seia heilt fram til fyrste dagane i april.

    Slik er årssyklusen i jordbruks­arbeidet .Ein vil leggja merke til kor lite åkerarbeidet er, det er slik at den unge Bersvik ikkje dyrkar rug og ikkje bygg. Ein nemner ikkje kveite, for det dyrkar dei ikkje nokon stad i jordlandskapa: sumaren er ikkje varm nok til at kveiten kan mognast

    Og dersom det er svært lite ein arbeider med plogen, så er det endå mindre ein nyttar spaden, for dei norske gar­dane har ikkje grønsakhagar ; purre, gulrøter, lauk, kål, havrerot og, av gode grunnar, bønner og as­parges er ukjende i desse områda: potetene (jordepla) er det einaste som erstattar alle desse grønsake­ne. Det er berre såvidt at Bergsvik har framfor huset sitt nokre plommetre, nokre aplar og ripsbusker, og jamvel det er nesten eit unna­tak.

    Ettersom graset/høyet ikkje er eit produkt som menneska kan nytta direkte, tek utnyttinga av jorda i røynda sikte på å halda ein buskap, og Bergsvik eig ein hest og 60 geiter.

    Geitehaldet i Bergsvik er mona­leg større enn gjennomsnittet i bygda. Bonden har auka det fordi salet av geitost ( mysost) gjev meir inntekt, og like eins fordi dette gjev han høve til å bruka arbeidet til døtrene sine; faktisk kan ei tiårs gamal gjente mjølka ei geit. Sauehaldet er óg ein god del større enn gjennomsnittet, men garden er etter måten stor. Talet på sauer er 30 – 40. Hovudsaka er å ha så mykje fe som råd er, og så å ha nok for til buskapen.

    Om vinteren og våren står dei på båsen og ein fórar dei inne, og eg har alt sagt at kvinnene går ut i marka for å samla røsslyng, når høystålet byrjar å minka snøgt. Mot midten av mai let ein buskapen koma ut, og dei beiter då på graset i grense­landet mellom innmark og utmark, der dei kan finna næring nok, utan å skada årsveksten til neste høyavling. Fram mot 25. juni fører ein kyrne og sauene til stølen der dei vert verande til midten av september. På stølen er det ei av døtrene som steller kyrne ( Frå 15. mars går kyrne litt på innmar­ka som og fire veker om hausten, etter at dei er komne ned att frå stølen).

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10