Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Masfjorden er ein fjord av dei mindre, han ligg litt nord for Bergen, men trass i den korte av­standen treng ein sju timar for å koma fram, fordi den vesle dampbåten som trafikkerer strekninga, må fyrst gjera tallause krokar om øyar og bukter som særmerkjer kysten.

    Denne fjorden er ukjend av tu­ristar. Den tyske reisehandboka Baedeker nemner ikkje Masfjorden, og jamvel ei stor mengd av folket i Bergen veit ikkje av han. Det er i høgda slik at dei som har høyrt namnet, knyter til det heller negative idear om ureinsle og elende og eit folk som står attende i utvikling. Likevel er det heilt na­udsynt å vitja denne fjorden, slik som Abbed Wang (ved den katol­ske kyrkja i Oslo) seier, min reise­fører og tolk på denne ferda. Det er her ein kan læra å kjenna dei sosi­ale tilstandar i det gamle Noreg best, fordi dei eldre levemåtane her enno er mest i hevd.

    Me tek den vesle dampbåten som går i rute på Masfjord og grannebygder. Storleiken på båten, innreida primitivt som han er, og framfor alt klednaden som ferdafolket går i, er nok til å lata oss forstå at me ikkje lenger er ombord i denslags båtar som turis­tar set pris på, dei som trafikkerer på Hardangerfjorden og Sognefjor­den; her er passasjerane fattige og treng framfor alt eit økonomisk transportmiddel.

    Avreise Bergen hamn klokka 12, er me framme ved bukta i Mas­fjord kl. 19.10 om kvelden, etter særs talrike stasjonar på øyane undervegs…

    Ved Sandnes er lossebryggja alt elt teikn på tilstanden: Ho er så uhøveleg, så upraktisk, og steinane eller granittblokkene som ho er oppbygd av, formar ein grunn som er så ujamn at det er med naud ein kan rulla ei tunne med fisk eller sukker, eller dra ei kasse langs bryggja. Men slik som ho er, er ho god nok, med sine 30 kvadratmetrar overflate, til å gjera den tenesta ho skal yta: Bryggja er i røynda ikkje noko anna enn ein ventestad for bygdefolk som er komne dit i robåtar og ventar på dampbåten, eller for dei som er komne med dampbåten, og her gjer seg klar til å gå ombord i robå­ten. Sandnes er ikkje ein landsby, men berre ein stasjon for båtane; attmed landgangsbryggja er det berre ein liten landhandel.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10