Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Det er særs vanskeleg å skild­ra, for ein som sjølv ikkje har sett det, synet av ein norsk gard. Kor­leis skal ein teikna han? Ein må førestella seg ei skålforma trakt forma ved ei innbukting av granittfjellet, der veldige massar av stein har hauga seg opp hulter til bulter. Midt i dette kaoset har na­turen og mennesket med sitt arbeid i samarbeid med tida, luk­kast i å skapa fine små teigar, der den største er ikring 7,5 mål, dei andre mellom 5 og 3 mål. Dei ligg fråskilde einannan ved bergstykke og ved monaleg høgdeskilnad. Berre eitt av desse Jordstykka kan pløyast og nyttast til åkerland, det er den teigen som ligg lengst nede mot sjøen og er horisontalt skapa. Dei andre ligg i brekker som ikkje er altfor bratte. Desse fire små tei­gane formar det fyrste kulturelle elementet; attåt desse er det mange andre små jordflekkar i un­derlege og forvridne former i bratt­heng og bergskorter, som det er vanskeleg å koma til, der dei ligg inneklemde mellom kampesteinar.

    Alle teigane, dei fire store og dei mange små ihoprekna vert tilsaman 6 hektar (60 mål). Vidda som dei kultiverte flekkane ligg i, er enorm, og resultatet av jorddyrkingsarbeidet synest svært lite, og likevel kjenner ein gleda over å konstatera det.

    Når ein går i land, merkar ein ikkje noko anna frå kaien enn bratte fjellveggar og hytta til hus­mannen som står på ein liten flate oppe på eit høgt nes. Ein kjenner ein byrgskap som går heilt til hjarta, når ein veit at trass i eit lende som ser såleis ut, har ein fa­milie her funne leveveg ved sine henders arbeid midt i dette kaos.

    150 meter over stranda steng­jer granittfjellet for alt med sine bratte steinvegger, berre geita kan kliva oppetter her…. På toppen av fjellet er dei glatte overflatene endå naknare: dette er viddene, granittøydemarka, der ikkje anna gror enn lav og nokre urter her og der.

    Dette området, denne utmarka, er ein del av garden Bergsvik, men bonden veit ikkje kor stor flatevidda er av snaumarka. Det har heller ikkje nokon ting å seia, for i Noreg verdset ein gardane etter storleiken på innmarka, dei dyrka teigane, eller heller etter talet på kyr som ein kan fostra og fóra.

    På denne garden lever i desse dagar ti menneske : den tilårskom­ne bestefaren som no er 72 år gamal, eldste son hans og kona hans, og så borna til dette paret som er sju i talet.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10