Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Her er måten som Kristen T. Bergsvik har gått fram på for å løysa problemet for si rekning. Same måten vil son hans i si tid bruka, og det er den vanlege fram­gangsmåten blant alle norske bønder:

    Då odelssonen hans var nær 30 år gamal selde Kristen Bersvik garden med alle lunnende og med buskap og lausøyre til han for ein pris av 2800 kr, og det svarar, etter ulike samanlikningar som eg har gjort, til omlag 35 – 40 prosent av det som garden ville verta seld for på open marknad ( Denne verdien er vanskeleg å verta viss på, fordi den gamle Kristen T. Bergsvik er den fyrste til å hevda at han ikkje kjenner marknadsverdi­en sjølv, og at han aldri har drøymt om å rekna garden sin om i kroner og ører. Tanken på at garden hans, der familien hans har butt og levt gjennom to hund­reår, kunne verta seld til ein fra­mand, synest han så utenkjeleg, så framand og utillateleg, at han nektar å la hugen sin stansa ein augneblink ved han.)

    Av desse 2800 kr har 1200 kr vorte betalt ved medgifta til sonekona, som hadde ein liten jorde­igedom ho selde, då ho vart gift. Faren står såleis som kravsmann ( panthavar ) til 1600 kr. I nokre år har borna – då dei var komne så langt at dei kunne arbeida og hjelpa foreldra sine – gjort sitt til at avkastninga på garden har auka litt, og den unge Bergsvik har lett kunna betala ned på gjelda. Dersom, når faren døyr, den jamstore arvedelen til odelssonen, det vil seia sjuandedelen ikkje er nok til å gjera opp for denne gjelda hans, vil han verta nøydd til å ta opp eit hypoteklån i den lokale banken til ei rente på 5 prosent Det er ein farleg praksis. Når ein slær inn på den risikerer ein ofte å koma inn på ein veg som fører til endeleg buslit.

    I det fylgjande fortel Poul Bureau om det yngre syskena til Kristen Torsen Bergsvik og vidare om matskikkar, kledebunad og skikkar med kyrkjegong på garden. Det er så mykje opplysan­de og forvitneleg lesnad; dette at det ville vore god meiningi å prenta det eit anna år.

    Dette seier Johannes Gjerdåker, som me takkar hjarteleg for utmerkt omsetjing til lettlest og god nynorsk. Eg har alt bede han om å omsetje resten av det som er skrive om Bergsvik og Masfjorden. Franskmannen var også i Ynnesdalen og har skrive rapport om be­søket der. Også denne vil vi be om å få omsett til norsk med tanke på framtidig trykking i eit seinare hefte.

    Jonas Riisnes

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
    « Forrige1 ... 89 10