Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Klokka 8 kjem ein båt og hentar oss : Me nyttar oss av båten til ein bonde som skal atten­de saman med dotter si. Han bur omlag 1,5 km hitanfor garden dit me skal fara, og han må difor lengja turen sin med 3 km, men i heile landet godtek bøndene slike omvegar for å gjera grannen ei beine: her er det armane som ror, og ikkje føtene som stig, den strek­ning me skal leggja bak oss.

    Faren og dottera, ei sterk, blond, vakker og tekkeleg gjente, ror med kraft og dugleik, og i sju kvarter sit me og ser dei høge granittkollane til Masfjorden gli framom. Dei er ikkje så svært høge, men likevel er ein freista til å kalla dei fjell, fordi del stupbratte fjellveggane og den tronge fjorden forsterkar inntrykket av høgd som dei gjev.

    Fjellsidene er fullstendig nakne; av og til prydar nokre magre furutre det aude og nakne berget litegrann, men overalt elles er fjellet så hardt og snaudt at ikkje noko slags tre kan finna næring og leva i det…..

    For ei streng einsemd, for ei still natur og for ein isolasjon! Ein høyrer ikkje eingong låt av fuglar, og ein er nesten glad, for det synest som om kvitringa til ein spurv eller songen til ein orrfugl her ville bryta den stille harmonien i dette majestetiske landskapet.

    Frå stad til stad merkar ein dei små husklyngjene på gardsbruk og husmannsplassar. Det synest som om det vert fleire av desse bustadene; bonden som fører oss, viser oss på vegen ein ny gard, ein del av ein gard er seld, for å byggja opp ein ny gard for seg sjølv.

    Litt lenger framme har eit stykke av utmarka på ein gard vorte utskilt, og der vonar han som har kjøpt det at han skal dyrka nok jord til å fø ein liten buskap av kyr, sauer og geiter.

    Slikt jorddyrkingsarbeid er i gong langs alle fjordar i Noreg i eit grannedistrikt til det som me vitjar just no, i Hordaland fylke, er det i dei siste ti åra nydyrka 11000 mål, det vil seia 1100 hektar. Det er mykje når ein ser vanskane med å løysa ei slik oppgåve, og likevel er det ingenting samanlikna dei veldige bergstrekningane som alltid vil stå seg mot alle mennes­kelege freistnader på kultivering.

    Fram mot klokka 10 om kvel­den – det er ljos dag enno, jamvel om me no er komne til 13. august -kjem me fram til garden der Kris­ten Torsen Bergsvik er bonde.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10