Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Endå med støtte i heimefisket på fjorden, er avkastninga på ein gard svært lita, og Bergsvik hadde ikkje makta å åla opp dei sju borna sine, dersom han hadde vore nøydd til å kjøpa dei ymse kledevarene som trengst for famili­emedlemene. Men ein norsk gard er ikkje berre ein arbeidsplass for å produsera jordbruksvarer. Han er óg ein verkstad for heime­industri der familiemedlemene lagar og gjer ferdig dei ymse klede og plagg, møblar og reidskapar som trengst. Ein norsk gard er, i ordet si sanne tyding, det som ein i samfunnsvitskapen kallar eit sjølvforsynt område.

    Saueulla nyttar ein til spinning og veving sjølv; slik er det berre nokre granne bomullstoff ein treng kjøpa: Mange kledestykke (vadmel ) vert alltid haldne i reserve i det ein ventar på tida då dei skal takast i bruk. Ein ser såleis her at produksjonen ligg føre forbruket. Det hender, når ein ikkje ser på førehand kva eit kledestykke kan brukast til, at ein sel det, men det er sjeldan.

    Det er vel sjølvsagt at desse heimevovne tya og plagga knapt toler samanlikning med dei varene som kjem frå dei store tekstiflabrikkane i England eller Frankrike, men dette tyet ( vadmel ) som ikkje er så mjukt og ikkje så elegant som det innførde tyet, det held ein varm, mykje betre enn bomullsty kan, og det tener framifrå til livet gjennom året.

    Denne tilverkinga av ty og av kledeplagg er attåt husarbeidet og stellet av buskapen arbeidet til kvinnene gjennom vinteren. Men­nene vøler møblar eller lagar nye, set i stand reidskapar og tarvende til Jordbruket, river, orv, kjerrer osb. Kvar nordmann er alltid meir eller mindre røynd i snikkarfaget og elles allslags trearbeid. Ein brukar til desse arbeida dei lange vinterkveldane som byrjar klokka 3 om ettermiddagen!

    Slik er rekkja av arbeidsoppgå­ver på garden til Bergsvik : Familie­medlemene gjer alt arbeidet, og det er tilstrekkjeleg, dersom ein ser bort frå at ein leiger ein slåtte­kar på dagløn nokre dagar i slåt­tonna eller litt til skogsarbeid om vinteren. Der er  óg ein husmann som etter kontrakta gjer seks dagsverk i året, men fordi han er fattig og fordi den gamle Bergsvik er svært godhjarta, så har ein gjort det til vane å ikkje krevja inn arbe­idsplikta hans.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10