Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Stølen (sætra) er ikkje noko anna enn fjellheimen med sine vel­dige aude strekningar som er oppskorne av vatn og elvar med reint vatn. Elvane er av ulik storleik og strøymer som perleband i alle leier. Lav, mose, lyng finn vokster-grunnlag til å leva på fjellgrunnen. Det er på eine sida råmen av regnet og på den andre den milde varmen som den høge solgangen som sumaren alltid vil gje.

    Fordi beiteviddene er utan grenser, og ein let kyr og sauer gå heilt fritt, finn dei rikeleg næring, og stølen er eit uunnverleg hjelpemiddel på ein norsk gard. Det er der husdyra kjem til krefter att etter vinteren inne, og når dei bufører heimatt frå stølen, ser bonden med glede på at kyr og sauer no er runde og trinne og i godt hold. ( Geitene vert ikkje tekne med til støls : kvar morgon i sju-åtte tida, etter fyrste mjølkinga, opnar ein døra for dei, og så kliv dei fritt opp-etter dei bratte fjellsidene; om kvelden, i femtida, kjem dei nedatt til fjøset for den andre mjølkinga).

    På stølen er det ei av døtrene til Bergsvik som har stell og ansvar for buskapen, kvar av dei har, etter tur, sine sumrar på stølen. Ho lever då der oppe heilt åleine elleve til tolv veker frå juni til september, i det vesle selet av trevyrke som kvar gard har i fjellet. Desse sela er knapt meir enn tre meter i kant. Ein mellomvegg deler selet i to rom. Den fyrste delen er bruka til mjølkestell og kinning, der står trekjeralda (kollene) for lagring av mjølk, ein liten komfyr og ein sepa­rator for hand ; kvar dag må stølsjenta kinna smør og ysta ost. Om morgonen og om kvelden kallar ho på kyrne som elles kjem sjølve til mjølking. Når mjølkinga er over, vender kyrne attende ut i berg­landet.

    Stølen er alltid oppbygd i nær­leiken av ein bekk og til vanleg er tre eller fire sel bygde nær einan­nan. Slik lever budeiene som stel­ler kvar sin buskap i saman og held kvarandre med lag. Ein gong for veka kjem den vesle fjordhes­ten med kløvsal og har med seg noko forsyning av fisk, poteter og flatbrød til budeia og av salt og av fiskeavfall til buskapen for å gje til­skot av fosfat og kalsium som det er for lite av i fjellheimen. Når han går nedatt til garden, er ikkje kløv­salen tom ; på ryggen ber no hesten myse, smør og ost. Det er ikkje nokon fast regel for kva for ein dag mannen kjem til støls med kløvhesten: budeia må vita å greia seg sjølv åleine; i alle tilfelle er det berre ein dag i veka at ho får vit­jing frå garden heime. Men gjente­ne som er der oppe, er vane med einsemd frå garden og lid ikkje under einsemda på stølen.

    Slik er ressursane som land­skapet gjev til rådvelde for familien Bersvik, og det er dei einaste her er. Ikkje jakt, ikkje fiske, i høgda skyt Bergsvik eit par orrhøner om hausten. Med omsyn til fisk, så er fjorden alltid ferdig til å forsyna med det, og ein kastar aldri ei line fåfengt, men på grunn av dei låge prisane på torsk og sild, både salta og turka, nyttar ein betre tida når ein steller buskapen og aukar høyavlinga, eller ein høgg i skogen. Men jamvel i dag kunne det ikkje bu folk på nokon gard i fjordområ­det, dersom ikkje huslydane som bur der, hadde funne ei monaleg attåtnæring til livsopphaldet i hei­mefiske som gjev mat til eige bruk til særs låg pris. Men ein må ikkje ha nokon illusjon om at i dette landet av berg og granitt, er det mannen sjølv like mykje eller meir enn natura som har gjort jorda le­veleg og buande på: Det er ingen tvil om at desse strandstykka ikkje kunne ha teke i mot nokon buset­nad, dersom ikkje fisken hadde tryggja han nesten heile hans da­glege trong for mat.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10