Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    På same måte som nesten alt er laga på staden, vert nesten alt brukt på staden, og salet av varer er svært lite. Her er eit oversyn over det som den unge Bergsvik sel av varer kvart år:

    trelast                    100 kr
    smør                     200 kr
    ost                        125kr
    to kyr   140-150 kr
    åtte sauer  80 kr
    til saman 655 kr

    Mot denne inntekta må ein føra på utgiftssida 177 kr i skatt, omlag 100 kr i salt, havre, bygg, sukker, kaffi, olje, fisk, stuttorvljåar, kjøkkenutstyr i jarn, panner osb; 40 kr i reisekostnader m.m.; 40 kr i medisinar og diverse utgif­ter. Overskotet på inntektssida i høve til utgiftssida vert såleis omlag 300 kr.

    Dette overskotet som kunne synast svært bra ved fyrste augne­kast, vert derimot ytterst redusert når ein tenkjer på at Bergsvik ( faren ) har sju born og at odelssonen ikkje har rett til meir enn ein sjuandedel av farsarven.

    Men garden kan verdsetjast til 6000 kr, minst, og med eit årleg overskot på 300 kr kan ein just betala renta på 5 prosent av denne summen, men ein er langt frå å kunna betala ned ( amortisera) ein slik sum på den korte tida – tjueåtte til tretti år omlag – som kvar ge­nerasjon etter tur brukar og driv garden.

    Vansken er alvorleg óg, når ein ser han på nært hald og kjem i kontakt med kjensgjerningane ; røyndomen i livet til bondehuslydane, då skjønar ein kvifor Le Play nyleg har lagt så mykje vekt på overdragingsmåten av eigedomar eller verkstader.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10