Skip to content

Sosiologen Paul Bureau i Bergsvik i 1906

    Av denne huslyden er det absolutt den gamle Bergsvik som er den mest interes­sante og tiltrekkjande personen. Med sitt gode andlet som skin av klokskap og velvilje, skjeggkransen av kvitgrått skjegg kring andletet, er denne kraftige gamle mannen sin god representant for det som er ekte norsk, for dette gamle og solide folkeslaget som forma sam­funnsmakta i det historiske Noreg, på same vis som det utgjer makt i det noverande Noreg: kort sagt, for å seia alt med eitt ord, han er ein bonde.

    Kva er så ein bonde? Ein bonde (fleirtal : bønder ) er ein landbrukar av slekt og tradisjon som bur og arbeider på jorda der også forfedrane hans har butt og arbeidt. For å vera bonde må ein fylgja etter far sin og bestefar sin; den som kjøper ein gard kan vera ein landbrukar, ein gardbrukar, men ein bonde er han ikkje.

    Ein kan, om ein vil samanlikna den norske bonden med vårt eige folke­slag av franske landsmenn, som han på mange vis har mykje sams med, dersom det ikkje var for to viktige særdrag som skil han ut; kjensla av personleg byrgskap og fridom og då den særs fine og svært sterke kjensla av at mannen i alle tilhøve alltid finn i seg sjølv dei ressursane som trengst for å stetta behova til familien sin og det som han sjølv har bruk for.

    Bestefar Bersvik har butt her frå fyrste dag. Garden har vore i hans familie i det minste sidan 1750, og han har heile tida gått frå far til son, frårekna ein gong i andre halvparten av 1700-talet, då ei dotter tok over garden i ein ge­nerasjon. Bergsvik kunne ikkje tenkja seg å bryta denne tradisjo­nen. Slik har han overdrege garden til eldste sonen, som når turen kjem til han, vil overlate garden til sin eldste son. Foreldre­paret på Bergsvik har hatt den ulukka å missa tre eller fire born i ung alder. Kristen Torsen Bergsvik har óg berre ei syster, og ho er gift med ein bonde i same fjorden.

    Me vil no samla oss om sonen hans som har teke over garden. Det avmagra andletet står i mot­setnad til det gode og rolege utt­rykket til faren. Det synest som om ei liding i luftvegen lenge har hindra han og minka kreftene hans. Det har vore ei krise i tils­tandet på garden, for dei små borna kunne ikkje hjelpe til i gard­sarbeidet, og garden vart forsømd. Men i dag er denne vonde perio­den over: barna, framfor alt gjente­ne som er mellom 9 og 22 år gamle, hjelper foreldra i alle slags arbeid på garden, medan dei ventar på dagen då dei, i sin tur, skal fara ut og setja bu og gifta seg, når heimegarden vert overteken av eldste bror deira.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10