Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    Sæder og skikkar har endra seg mykje gjennom tidene. Soleis ogso med sæterlivet. Eg har late meg fortelje at like før siste hundreårsskifte var det slikt at sæterjentene spanderte kvitostesneier på unggutane som kom til fjells, og di betre dei likte guten, di tjukkare ostesneier fekk han. Det var liksom tjukna på kvitostesneiene som vart måle­eininga for kjærleiken. Slik hadde unggutane eit vake auga med kven som fekk dei tjukkas­te sneiene. Han onkel Andreast var visstnok ein stram gut i sin ungdom, og han hadde truleg fått veldig tjukke ostesneier, dersom han hadde møtt opp på sætre, men han Andreast reiste tidleg nord til Andvik der ei systra hans var gift. Ogso i dei dagar var det slik at ungdomane møttest ved kyrkja. Ei grannejente her lika han Andreast so veldig godt at ho ville gjeva han ei veldig tjukk kviteostesnei. Ho hadde ikkje kome til med dette om sumaren oppe på sætre. I von om å treffa han Andreas med kyrkja, reiste ho dit ein preikesundag, og ho hadde ostesneia med seg. Men han var diverre ikkje med kyrkja den dagen. Ho gjorde eit forsøk nr. 2, men heller ikkje då vart han Andreast å treffa med kyrkja. Ein sundag seinare emna ho seg til eit tredje «forsøksheat», men då var ostesneia hennar så oppturka og krølla av elde og ille medfart at husets folk nekta henne å taka sneia med seg.

    Han Andreast reiste seinare til Bergen og vart gift der, og ho ostedama reiste til Amerika og vart gift der.

    Ja dette var litt om sætreskikkane i farne tider.

    Ved heimreisa frå sætra om hausten var det like folksamt som ved reisa opp. Mykje folk var møtt fram på Venninjæ for å taka mot buferdsrylgjet. Kvelds­maten den dagen var bufargraut – det var ekte rjomegraut. Ho som hadde vore sætrejenta fekk ein ekstra skål med bufargraut, og som ho kunne spandera på kven ho ville.

    No er sæterlivet slutt. Rart er det å tenkja på at dette miljøet har vore motivet til det sartaste og vakraste me har i dag av norsk lyrikk og tonekunst.

    Eivind Kvinge

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9
    « Forrige1 ... 78 9