Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    LIitt om skogen her i grenda

    Ein naturrikdom her på Nordkvingo var all skogen. Medrek­na fjellskogen var her ca. 7500 dekar, fordelt på 5500 dekar barskog – furu, og 2000 dekar lauvskog av ymse slag. Forutan brensel og byggevyrke av ymse slag til eige bruk, vart det også seld mykje lauvved – famneved og byggematerialar som skurdtømmer. Dette siste til dei skoglause bygdene ute ved kysten. Nordkvingegarden hadde eiga grendesag, der dei kunne fored­la alt byggevyrke frå skogen.

    Det var i vinterhalvåret arbei­det i skogen gjekk føre seg. Framdrifta av skogsvyrket var med hest, slede og drog, og ein var alltid avhengig av snø. Denne kunne vera ei mangelvare sume vintrar. Til vinterkøyringa i skogen måtte hestane vera skarpskodde. Dette var jernsko med stålbroddar under, så dei kunne festa på issvullar og kla­ke i brattingane.

    Det sa seg sjølv at myrar og dike måtte vera hardfrosne så dei kunne bera oppe hest med lass. Men her fanst også dike som aldri fraus til. Dette kom seg av at der var oppkomevatn i djupna. Her seig hesten nedi og fekk ofte eit svare strev med å koma seg laus att. Slike opne dike vart kalla «Nerilæge». Greineveden av felte tre var det siste som vart henta frå skogen på etterj ulsvinteren. Men ofte kunne det vera slutt på snøen då.

    Det vart oss ungane sin jobb då å bera veden heil på ryggen, på føresumaren. På steikande solskinsdagar kunne dette verta ein varm jobb. Eg var berre 7 år fyrste gongen eg måtte til skogs på slik vedbæring. Og dette dreiv me på med i heile vår barndom. Me var 3 brør her som held lag i dette arbeidet, ein l år eldre, ein 3 år eldre bror og eg. Ofte la me på så tunge bører at me måtte krypa på knea rundt til me fann ei høg tuva der me kunne hæva oss opp i ståande stilling. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko: Eg har aldri havt verkande og vond rygg.

    Eg hugsa ein føresumar med steikande sol kvar dag. Me tre karane dreiv og bar ved oppe frå Hesthovden og ned til Mammonskardet, ein høgdeskilnad på 150 m. Frå Mammonskardet og heim var det køyreveg. No har natura ordna det slik at migemauren vert så steikande irritert i sterk sol, og dette gjev han til kjenne på ymse vis. Mellom anna gav han frå seg ei lukt så serk at det sveid i nasa på oss, der me kom pæsande og strævande med dei tunge børene, ofte med sprakenåler nedetter den blodlaupne ryggen, og med eit fjes som var både raudt og opptrutna av solsteik og migemaurlukt.

    Ja, slik var vår barndom, slett ikkje nokon dans på roser. På en tid hadde ikkje samfunnet vårt etablert desse sarte og abstrakte skapningane som kallast bameombud.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9