Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    To gonger for året var her hovudinnsig av sild. Fyrste innsiget kom i tida, slutten av mai til fyrstninga av august. Største mengda av dette innsi­get var brisling. Denne kunne vera meir og mindre oppblanda med bladsild av ymse storleik, dess større innblanding av blad­sild i brislingen, dess lågare pris. Den minste silda vart kalla mussa. Var brislingen rein for bladsild, og hadde rett storleik, slik sardinfabrikkane ville ha den, d.v.s. 9 – 11 cm. total lengde, hadde denne mange gonger så høg pris som bladsilda. I tidle­gare år var her ofte innsig av rein brisling. Ja, eit av dei fyrste krigsåra -1940 – åra sto her i lås samstundes 60000 skjepper rein brisling i Austfjorden, innanfor Brumneset ved Elvik. Det var då fleire snurpenotlag frå heile Vestlandet som tok del i dette fisket.

    Største innsiget av bladsild kom gjerne om hausten og fyrste del av førejulsvinteren. I denne perioden var det meir konsent­rert innsig i fjordane. Såleis høvde det seg slik ein haust at det her på Kvingevågen var samla alle snurpenotbruk i Hordaland, i alt 140 bruk samstundes. Kvart bruk hadde 2 motorfartøy, ei skøyta som hadde snurpenot på dekk, og så eit mindre fartøy som vart kalla fylgjar. Dette vil seia at det på Kvingevågen den gongen var 280 fartøy. Her var altså ein skog av master, av skrog ein mur, for å referera til Svolderslaget. Ein kunne gå på far­tøy samanhengande tvers over heile Kvingevågen.

    Når det galdt landnotlaga her på Kvingo, så vart fjorden og vågen alltid overvaka når silda synte seg. Den eller dei som fyrst fekk sjå innsiget, gav straks melding til alle dei andre luteigarane.

    Eg kan hugsa frå min barndom, me dreiv med slåtton­na på eit innmarksstykke kalla Akstegøto, litt oppmed vestsida av Kvingedalsvatnet. Næraste naboen vår, han Erik Norst, kom med bod til han far at silda sto og kokte nede på Nordkvingevågen. No var der 3 luteigarar på Kvingedalen også som måtte få greia på dette. For å sleppa å gå dei 2 km. opp til Kvingedalen, fann han Erik Norst på at dei skulle ropa opp til dei frå der dei sto i Akstegøto. No var han Erik Norst så veldig høg i røysta, og me ungane flytta oss i god avstand frå han før han byrja ropa. Men du verden, det vart mest som det står i ein julesong. «All himlen er full av dens lyd.» Det var som grunnen skalv under føtene på oss når han Erik og han far ropa «Mæ notæ!» tre gongar. Me kunne høyra atterljomen kor han rulla millom Kjibotshamrane og Kvingedalslidene og nådde dei der inne, som ogso gjekk og stræva med slåttonni. Det gjekk ikkje lenge før dei tre karane der oppe: han Joans, han Martin og han Gjert, kom i fullt drev ned gjenn­om Kvingedalsvegen for å vera med på sildeeventyret.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9