Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    UTNYTTING AV FJELLET

    Det fyrste fjellskogen vart nytta til, var byggevyrke og ved på sætra. Her i sætertraktene var det ogso fyrst ein fann skog. Fjella heimanfor vart nytta til utslåtter, så skog av noko omfang kunne det sjølvsagt ikkje verta her på lenge ein dreiv og slo fjellet. Næraste nabofolket vårt, han Erik Norsk og ho Adna, var dei siste her på Nordkvingo som slo i fjellet. Det var like før siste hundreårsskifte. Der var ei mengd utmålte slåtteteigar oppe i Klefjellet. Graset vart fird på løypestrengar ned i Gjelæ, der det vart turka på hesje og lagra i løer til fram på vinteren. Når fyrste snøen kom kunne høyet transporterast heim via hest og slede og løypestrengar.

    Fyrst når denne slåtten tok slutt i fjellet, kom skogen eksplosivt, slik at det i siste kringen vart hogge fleire hundre famnar bjørkeved i Klefjellet. Men desse same fjelltraktene, og mykje lenger innover, vart også nytta til sumarbeite for sau, noko dei vert mykje nytta til enno.

    Kvar brukar her på Nordkvingo sende mykje sau til fjells om sumaren, og i tillegg vart det teke mot mykje leigesmale frå Austrheim kommune og frå delar av Lindås. No var ikkje desse eigarane utåtifrå alltid så spreke til å få sauene sine heimatt frå fjellet om hausten åleine. Då var det godt å veta at dei «innfødde» i Nordkvingo kunne hjelpa dei.

    Eit minne frå min barndom: Desse karane som kom frå dei ytre bygdene og inn til Kvingo i eitt eller anna ærend, det vere seg korn til maling, henting av skogsvyrke eller leigebeitng av sau, dei vart med ei fellesnamn kalla «Utåtekadlane». Kvarav desse kadlane hadde ein sokalla kontaktmann på Kvingo, og samarbeidet mellom desse vart ofte så nært og kjært at denne kontaktmannen vart kalla: «Han far». I denne saman­heng var det at han far vår fekk eit brev frå ein slik utåtekadl. Denne kadlen var truleg ikkje så skarp i dette med rettskriving. Me ungane lurde oss til å lesa dette brevet. Der sto det soleis: „ Jeg vil høne med dig om du fan kan skaffe mig en tnistalank og et pav fevingsavev te båtnipen da jeg va så ynest fanlegen. O J Binkenes»

    Han far som var meir «skrift­lærd» enn kva me ungane var, kunne resonnera seg til kva tankar som låg bak desse skriftteikna. Mannen ba om ein kubbe – ein treskolørk – altså eit emne til å laga tresko av, og eit emne til å laga 2 årar til færingsbåten sin. So enkelt var det heile.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9