Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    Seinsumaren 1924 var her eit sers rikt brislingsfiske, og prisen var høg, kr 13,- pr. skjep­pa (201). Dette var ein sers god pris i den tida. Mange ungdo­mar her i grenda tente seg nokre kjærkomne kroner den gongen. Noteigarane kvitta seg med all notskuld, og hadde i tillegg ein god notlut og mannslut.

    I dei dagar var det vanleg å laga spikjebrisling, som vart nytta gjennom heile vinterhalvåret. Men beste middagsmaten var likevel kokt, fersk brisling attåt nypoteter. Då fekk ein jamen sanna det ordtaket som seier at «augo er større enn magen».

    Folk flest i dag har nok vans­kar med å sjå skilnad på bladsild og brisling. Her er ei rettesnor : Bladsilda har ein blåleg glans i røet, brislingen har ein gulgrøn glans. Brislingen har eit kortare og meir avrunda hovud enn bladsilda. Er du enno i tvil så prøv dette:

    Stryk bladsilda etter buken frå sporden mot hovudet, og buklina er glatt. På brislingen kjennest buklina som om du dreg fingeren etter ei skjærfil.

    Men før eg forlet dette sildetemaet, må eg fortelja om eit min­ne eg har frå sumaren 1940.

    Me hadde kasta – fangsta – mykje sild kringom i Austfjor­den, så her var ofte føringsbåtar som henta sild til sardinfabrikkane kringom på Vestlandet.

    Så var det ein dag der kom ein slik føringsbåt like frå Ålesund. Mannskapet ombord var to sunnmøringar, båe i 20-års al­deren. Det var ein velhalden og stor båt, utstyrd med ein 50 hk. Rubbestad-Wickman motor. Det merkelege her var at desse to sunnmøringane eigde, og var skuldlause på denne båten. Korleis slikt kunna ha seg, tru -ville du kanskje vita.

    Jau, desse karane hadde i fleire år, trass i sin unge alder, drive torskefiske borte på New-foundlandsbankane. Ikkje rart at dei skalv av pågangsmot, der dei stod på båtdekket framføre oss. Konklusjon: Å du å du, for ein nasjonal velstand, dersom heile Mor Noreg hadde vorte busett av slike kapasitetar.

    Også på etterjulsvinter var mannfolka her på Kvingo opp­tekne med sildefiske, men no som mannskap eller lutarar i vintersildfiske, anten på Fedje eller på Haugesundskanten, det siste ofte kalla Sørafiske. Fisket som gjekk føre seg like over nyttår ute på Fedje, vart kalla Storsild-eller vintersildfisket. Dette var gyteferdig sild. Etter gytinga drog silda søretter kysten til Haugesundstraktene, og her var det vårsildfisket gjekk føre seg. Dette siste fisket kunne vara fram mot slutten av mars månad.

    Etter kvart drog vintersilda lenger og lenger nordetter kys­ten på si gytevandring, like til Nordmøre, og reiskapane som nå vart nytta var drivgarn og snurpenot. Det ein kalla vårsildfisket vart det heilt slutt på. Det maksimale kvantum oppfis­ka vintersild nådde ein vinteren 1956. Det gjekk føre seg utanfor Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, og flåten som låg ute i havet talde 600 snurparar og 1500 drivgarnbåtar. Heile havet såg ut som ein by av ljos, og det oppfiska kvantumet nådde 13,6 mill. hl. Dette gav også arbeid til tusener av trottuge hender i land.

    Den tida vintersildfisket gjekk føre seg på Fedje, vart det nytta fartøyskøyter – lossementer – inne frå fjordane, og dei som rusta ut desse båtane kunne få i oppdrag å skaffa på lag halv­parten av mannskapet for vinte­ren. På desse skøytene var der 13 – 15 personar, så her var det ikkje noko som kunne kallast overdådigt.

    I min grøne ungdom var eg 3 vintrar på fiske, det var i 1931, 1932 og 1933. Fyrste vinteren hadde eg kr 75, – i lut, andre vinteren kr 33,33 og siste vinteren kr 133,-, så her var ein nøydd å laga munnen etter matsekken.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9