Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    Kvernhuset hans far

    Her på Kvingo har det vore kvernhus frå eldre tider. I Nordkvingeelva var her registrert 2 flomkvemar i 1721. Her var vassdrag med to, etter tilhøva då, store basseng: Kvingedalsvatnet og Blådalsvatnet. Desse to vatna vart seinare oppdemde, og kvernane vart no kalla åregangskvernar. Kvemesteinane, som hadde stor diameter saman­likna med andre kvernesteinar her i bygda, var komne frå Selbu i Sør-Trøndelag. Forutan å mala eigeavla korn, kom her korn til maling frå Fedje, Austrheim, Fonnes og Byrknesøy. Det var helst havre dei kom med. Malin­ga tok til kvart år i oktober månad og varde til litt utpå etterjulsvinteren. Her var 4 eigarar i Øvre kvernhuset, og 5 eigarar i Nedre. Det vart male både natt og dag. På dei bruka der det enno var arbeidsføre kårkallar, var det helst desse som sat i kvernhu­set. Jobben med i sitja i kvern­huset vart delt pålag likt mellom eigarane, og kvar som mol tok mot betaling av sine «klientar». Ein kveld i romjula samlast parteigarane i kvart kvernhus til eit rekneskap for malinga og til eit godt måltid mat, der dei gjor­de gjeldskurd på julematen som var att. Desse samkomene vart kalla kvednebyte.

    Kring 1930-åra vart det slutt på denne leigemalinga. Den hadde vore ei kjærkomen inn­tekt for brukarane her i vinter­halvåret.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9