Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    Sæterjenta sitt arbeid var fyrst og fremst å gå på stølen. Ja, so heiter det når det gjekk ut i marki for å mjølka kyrne. Var kyrne langt borte og høgt oppe, tok denne turen gjerne fleire timar. Komen attende til sætre, var det å separera – skilja fløyte og skummamjølk. Når fløyten var sur, skulle det kinnast smør. Dette var omlag ein gong kvar veke. Når skummamjølka var sur vart ho blengd og laga anten til gamalost, kvitost eller det som me her i grenda kalla øssjuka, det er ostestoff (osttjukka). Når denne øssjuko vart finsmuldra var ho ypparleg på rømmekolla. Saupet som vart etter smørkinninga, vart innkokt til prim og nytta som pålegg på kake og skiver.

    Tur om anna måtte ein til sæters og henta noko av denne «Drotten». Det var alltid noko som måtte takast med oppover, det kunne vera bein, salt eller ymse matvarer.

    Var der mykje som skulle heim, måtte ein gjerne taka kløv­hesten med. Surmjølka vart kløvja heim i lagga, ovale trekjærald som kallast retleflasker, som tok på lag 30 liter kvar. Anna utstyr for kløvjing av bein, salt, klæde og ymse matvarer, var meisar. Dette var ovale ringar av tre, og då helst hassel. Desse ringa­ne var så knytte saman av ymse tauverk, på ein spesiell måte.

    Kløvutstyret elles var: reitlesal, brystgjord, bukgjord, og rompekjøvle. Salen hadde 2 krokar på kvar side som retleflaskene eller meisen vart hengde opp i, ei på kvar side. Brystgjorda skulle halda kløva på plass når hesten gjekk i motbakke, rompekjøvlet når han gjekk unnabakke, og bukgjorda skul­le hindra at kløva trilla rundt på hesteryggen. Det siste ein gjor­de før kløva vart hengd på plass, var å strama godt til bukgjorda. Her måtte ein vera brennande snar når hesten hadde pusta ut – altså når lungevolumet var i minimum.

    Av mat som vart bore til sæters, var litt brød, og så mjøl som vart laga til ausekaker. Desse vart steikte på hella i grua. Ymse godt av drotten på sætra vart nytta i desse ausekakene, så dei var jamen velsmakande til sine tider. Ein gong for veka, og det var som oftast på onsdagar, kom alle sæterjentene heim ein tur. Dei hadde då med seg kaffimjølk og ymse anna. Så tok dei matva­rer med seg oppatt. Kvar onsdagskveld vart det sett opp rømmekolla, som måtte vera laupen – modna – til helga kom, for då venta ein som oftast folk opp.

    Barnesundagen var borna si helg å få koma til sæters. Sjølve husbondsfolket hadde si helg, og så var det helga for ungdoma­ne. Til denne helga kom det gjerne ungdomar frå andre gren­der. Det var alltid ungdomshelga sæterjentene hygde seg mest til – og mogeleg ikkje så rart. Dette å få rømmekolla med litt sukker på og den før nemnde øssjuka på, sette deg i same stemning som Vinje var i, då han åt «Grauten på Grut». Ein skalv gjennom heile kroppen av sær njoting.

    Skilje mellom helgane for borna, husbondsfolket og ung­domen vart meir og meir utvis­ka. Det vart ungdomane stort sett som tok overhand. Og dei kom ikkje til sæters for å sova bort sumarnatti. 

    Eg hugsa eingong frå min eigen grøne ungdom. Der var fullt av folk som låg i sætre vårt. Me låg på golvet i alle klæda og med store vedskier til hovudpu­te. Den gongen låg eg så vondt at eg måtte heile 5 gonger utanfor sætre for å kvila meg.

    Her på Nordkvingo var det vanleg å taka kyrne til fjells på lag ei veka ut i juli månad. Så vart dei tekne heimatt mot slutten av august. På lag mot slutten av juli månad skulle kyrne skifta beite. Fyrste tida beita dei i sætertraktene og oppe i Storevasseggene. No skulle dei takast ut på Klefjellet. Her måtte dei drivast gjennom eit «pass» som kallast Råsna, og her trong sæterjentene noko hjelp heiman­frå. Som oftast var det me unga­ne som vart send av garde den kvelden.

    Det var noko til sveittejobb å taka seg oppover dei bratte Storevasseggene i solsteiken. Komne opp til passet Råsna vart me møtte av ein svalande vind som turka sveitten av panna vår. Denne vinden kom opp frå Storevassdalføret. Under ein fjell­vegg like ved Råsna og i nordhall, låg der ein liten rest att av ei snøfonn, og her sto det nygrodd, tirande grønt gras i fonnkanten. Ut under fonna kom der bekker med kaldt, klårt vatn, der ein kunne få svala tunga si.

    Langt nede mot Storevatnet er der enno murar att etter dei gamle Kleivsætra. Ho mor mi fortalde at der var ei gamal sæterjente på Kleivsætra som «gjekk att». Tidleg kvar morgon slo ho i berget utanfor sætra med sta­ven sin for å vekkja sæterjente-ne. Denne historia gjorde at eg seinare alltid tykte der låg ei trolsk stemning over lende og landskap innover Storevassdalføret. Dertil vart det liksom aldri klårt for meg kven denne gamle sæterjenta var som fór slik og herja med staven sin.

    Men så endeleg i ein songti­me i barneskulen fekk eg løysing på gåta. Det var i eit vers frå diktet «Ku-lokk» av Arne Gar­borg. Seinare i livet har det vorte slik at kvar gong eg kjem over dette verset i Haugtussa, så kjenner eg meg atter som barn oppe i Råsna. Eller kvar gong eg har kome oppatt til Råsna, så høyrer eg atter dette vidunderlege verset:

    Ku-lokk
    «Å kyri mi gode, å kyri mi !
    Her skal du vel trivast i grøne li,
    her sildrar kjelda med surl og skval,
    og graset er mjukt og skuggen sval
    Ja, Nordanåslidi, der er det godt,
    der gjæter huldri kvar einaste nott».

    Det var nok huldra som vart lei av å gjeta buskapen om natta, og som difor vekte sæterjentene på gamle Kleivesætra med sta­ven sin.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9