Skip to content

Om bruken av naturressursane i Masfjorden

    Litt om sæterdrifta på Nordkvingo

    Sæterdrifta her tok truleg til kring 1740/50-åra.  IMasfjordboka heiter det at «i 1723 var her intet sætter», så alt den gongen var ein byrja å registrera dette med sæterdrift. Dei fleste sæterhus på Nordkvingo var ombygde i 1890-åra, og laftetømmeret i veggane syner at det har vore nytta fleire gonger før. At ein ikkje byrja med sæterdrift her endå tidlegare, skuldast vel at her var bjørn oppe i fjellskogen då.

    Frå fyrst av var der 7 sæterhus frå Nordkvingo, og desse var plasserte i rekkjestil. Der var 4 hus i ei rekkje, og 3 hus i ei. I min barndom var der berre 6 hus att, og i 1925 var der berre 5 att. Desse siste var haldne i hevd, ogso etter at sæterdrifta vart slutt. Seinare er det kome til 5 nye hus, så no er der i alt 10 stølshus på Nordkvingesætra. Underskrivne var den siste som hadde kyr der oppe. Det var i 1948. Seinare er sætrane vortne nytta berre som ferie- og rekreasjonsstad.

    I god tid før buferdsdagen gjekk dei som skulle vera sæterjenter for sumaren opp til fjells og sette i tette. Dette vil seia at dei la alle lagga trekjærald til bløyt i sætertjørna. Stemper, askar, stampar, bøtter og ryggbøtter var alltid så oppgisna et­ter bruken sumaren før. Difor måtte dei fyrst leggast i bløyt før bruk.

    Buferdsdagen, som oftast var ein måndag, vart kyrne henta frå heimeutmarka der dei hadde beita frå våren av. Då kyrne fekk sjå at me ikkje hadde ryggspann med saltprins på oss, og heller ikkje mjølkebytta i armkroken, skjøna dei kva som var i gjære. Som Vinje sa det: «Dei hava mannavit.» Med nokre høge raut samla bjøllekyra heile buskapen rundt seg, og så bar det i fullt firsprang heimover så moldspruten sto til vers. Like utanfor innmarksgjerdet lengst nord i Nordkvingegarden er der ein bakketopp med ei flate i lendet som kallast Venninjæ. Her var standplassen og utgangspunk­tet for buferda. Alle buskapane som no var samla her, vart mjøl­ka. Mykje folk med ryggbører og mange kløvhestar var også på plass. Så sette heile buferdsfylgjet seg i bevegelse. Både folk, kyr og hestar var veltrimma til denne ferda. Det bar oppover brattingar, bakkekneikar og kleivar, haugar, myrar og skogsåsar, gjennom gjel og over urdar. Etter pålag 11/2 time var fylgjet nådd fram til Blådalsvatnet, og her måtte dei fleste taka seg ein pust i bakken og turka sveitten av panna si. Her på denne kvileplassen var skilje mellom heimabeite og fjellbeite, og her vart en liksom trollbunden av natura. Ja, ein kunne mest koma i same stemning som Garborgs Helge Håland : «Det var som fjelli dei hadde flutt seg, det var som leiene hadde snutt seg.» Ja, ofte seinare har eg på denne staden byrja syngja den norske folketonen: «I fjor gjette eg geiten», og då til undertonar frå båreskvalpet mot strandstei­nane i Blådalsvatnet.

    Men det var enno ein tredje­part att av vegen fram til sætra. Hardaste kneiken på heile vegen, var over Gummeleitet. Det fyrste som måtte gjerast når ein var framkomen, var å få kløva av hestane så dei fekk turka sveit­ten og beita litt. Det var salt, bein og separatoren som vart klyvja opp. Desse beina var torskebein som vart innhyses turka om vinteren. Me fekk dei tilsen­de i hektoliterkassar frå dei før nemnde Utåtekadlane. Når kyrne fekk slike bein og noko riskesalt sto dei rolege medan dei vart mjøl­ka.

    Det fyrste som måtte gjerast inne i sætre, var å montera sepa­ratoren på eit, til dette bruk, tillaga bord. Separatoren måtte stå heilt i vater. Etter eit godt måltid mat og eit par timar kvild, var det å taka på heimattveg.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9