Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    BKK og kraftstasjonen på Matre

    A/S Matrefallene ville byggje ein stor kraftstasjon som skulle levere straum til kunstgjødselfabrikken som var planlagt på Matre.

    Arbeidet på Hommelfossen kraftstasjon og den store røyrgata av jern som kjem ned etter stupbratte fjellveggen bak stasjonen, var nesten ferdig i 1917. Men arbeidet stoppa opp før kraft­produksjonen var komen i gang.

    Røyrgata er sett saman av element på vel ein meters lengde som er klinka saman, og for å få det til, måtte ein mann liggje inne i røyret og halde i mot når naglane skulle slåast i. Det er sagt at det var Anders Nilsen frå Hest som hadde dette som eit spesialoppdrag han fekk ekstra betalt for. Nilsen vart sei­nare buande på Matre der han ar­beidde som sko­makar.

    Hommelfossen kraftstasjon vart gjort ferdig og sett i drift av tyskarane til bruk ved sanddrifta på Litle Ma­tre i 1944. Då tys­karane reiste sin veg i mai 1945, vart stasjonen stoppa.

    Norsk Hydro hadde i 1944 selt alle sine rettar i A/S Matrefallene til «Bergen Byting» som det heitte den gongen. Oppsitja­rane på Matre tok opp spørsmålet med Bergen kom­mune om å få stasjonen i gang att og om å få kjøpe kraft til bruk i Matreområdet. Dette gjekk i orden og stasjo­nen kom i drift att i desember 1945.

    Alle vassrettane i Masfjorden vart seinare overførde til Bergenshalvøens kommu­nale kraftselskap (BKK) og dei starta utbyggingsarbeidet for fullt i 1952.

    Utbygginga starta eigent­leg i Haugsdalsvassdraget, men Hommelfossen kraft­stasjon vart først bygt ut så den kunne levere straum nok til anleggsdrifta og Masfjorden kommune. Den stod klar oppdatert i 1953.

    Matre kraftstasjon er bygd 120 meter inne i fjellet på Litle Matre og er faktisk to separate kraftverk plasserte i same hall : eitt for Haugsdalsvassdraget (99 MW) og eit for Matrevassdraget ( 120 MW ). Det er bygd tunnel ( 3 km ) frå denne stasjonen til Gobotnvatnet som samlar opp nedbøren frå 7 vatn til og med Skjerjevatn.

    I 1956 vart første maski­nane i Haugsdalsdelen på Matre starta, og Haugsdalsvassdraget var ferdig utbygd i 1959.

    Deretter starta dei i 1960 arbeidet på den 12,2 km lange tunellen frå Matre og heilt inn til Stordalsvatnet. Matrevassdraget, som omfat­tar 11 regulerte og 11 uregu­lerte vatn, har også to maga­sin som ligg høgare enn Stordalsvatnet. Det er Krokevatnet og Kvanngrøvvatnet. For å utnytte fallhøgda (135 m) frå Krokavatnet er det ved Stordalsvatnet bygt ein eigen kraftstasjon (26 MW). Vatnet vert så nytta ein gong til då det går gjennom tunnelen til turbinane i Matredelen av stasjonen på Matre. Denne delen var ferdig utbygd i 1963.

    Det same er gjort i Vemundsbotten for å utnytte fallhøgda mellom Svartevatnet (250m) og Gobotnvatnet. Denne stasjonen produserer 45 MW eller 129 GWh. l GWh ( = gigawatt-time) er ein million kilowatttimar eller tilsvarande det 90 personar brukar i eit år – i arbeid, heim og fritid.

    Matre Kraftverk produser­er totalt 1370 GWh som er nok straum til 123.300 men­neske. I Masfjorden bur der omlag 1850 personar.

    Då BKK fekk seg overført alle rettane som A/S Matrefallene hadde hatt i Masfjorden, overtok dei ikkje berre fjellvidder og fossar. Selska­pet påtok seg i realiteten ansvaret for utbygginga av eit heilt bygdesamfunn. Selska­pet fekk eigedomsretten til det meste av dei knappe area­la nede på sjølve Matre. Dei har der sett opp sine drifts- og administrasjonsbygg og har i tillegg bygt ei rekkje bustad­hus for sine tilsette. Ein del av areala er no førde attende til dei opphavelege eigarane.

    BKK sin kinosal på Matre er det mest brukte forsam­lingslokalet i Matrebygda, og selskapet har gjeve grunn og tilskot til både skulen og idrettsplassen. BKK støttar også akvakulturstasjonen som delvis er basert på kjølevatnet frå kraftverket.

    Bjørn West- muséet held til i eit hus som tidlegare har vore i BKK si eige.

    BKK har også gjeve betydeleg økonomisk støtte til inn­reiing av museet, og selskapet har i år teke initiativet til å få laga ein TV-film om Bjørn West som ein ventar vil verte ferdig til 50-årsmarkeringa for Bjørn West 15.oktober 1994.

    BKK er største arbeids­gjevaren i Masfjorden og har i dag 45 tilsette.

    Selskapet er også den største skatteytaren i Masf­jorden kommune, og betalte i 1992 24,7 millionar kroner til kommunekassen.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10