Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Storindustrien som ikkje kom

    I 1905 hadde Birkeland og Eyde klart å framstille salpetergjødsel av kvelstoff i lufta ved hjelp av elektrisitet.

    Alt i 1906 kom ein forret­ningsmann frå Bergen som heitte Blaauw, og kjøpte opp heile Matre- og heile Haugsdalsvassdraget for ein sum av kr 192.150,-.

    Etter kort tid selde han vi­dare til ein ny mann, Fr. Hiort.

    Med tanke på å byggje ein stor fabrikk kjøpte Hiort opp det meste av gardsbruka på Matre og betalte dei med kr 78.060,-. Dette var mykje pengar den gongen, så det var kanskje ikkje så løye at bøndene selde jorda og husa sine.

    I 1906 selde Hiort vidare alt i hop for kr 600.950,- til A/S Matrefallene og tente kr 330.740,- på handelen. A/S Matrefallene hadde eit tysk industrikonsern, Badische Anilin und Sodafabrikk i ryg­gen, som hadde planar om å produsere kunstgjødsel etter eigne metodar i konkurranse med Norsk Hydro på Rjukan.

    Bøndene på Matre rekna sikkert med at storindustrien ville komme, og førebudde seg på det.

    Eigarane på bruk nr. l og bruk nr.4 flytta ut or husa sine til nye hus som dei byg­de på tildelte stader. Frå bruk nr.2 reiste heile familien ut or bygda. Dei på bruk nr.3 laga murar til nye hus, men tok deretter sjansen på å verte buande i gamlehusa, og det viste seg å gå bra.

    Dei to husa som vart fråflytte den gongen, står der den dag i dag, men er no førde attende til bruka som før åtte dei.

    A/S Matrefallene fekk konsesjon på utbygging av Matre- og Haugsdalsvassdraget til storindustri i 1908. Arbeidet starta med kartleg­ging av fjellområda og det vart bygde brakker i Holene ved Hommelfossen, i Øvredalen og i Ganglausbotnen, og dei bygde to funksjonærboligar på Matre.

    Folket i Masfjorden var svært usikre og ottefulle over kva denne storindustrien kunne komme til å føre med seg. l eitt av konsesjons­vilkåra heiter det såleis:

    «Det må stillast full sikkerhet for at Masfjorden fattigve­sen ingen utgifter påføres av nogen art av dette anleggs benyttede personer eller deres familier hverken i utbyggingstiden eller senere samt at politioppsyn må vere herredskassen uvedkommende.»

    Eit anna krav var at sels­kapet skulle betale kr 10.000 som tilskudd til ve­gen frå Matre til Solheim.

    A/S Matrefallene bygde også 4 kilometer veg frå Ho­lene og opp svingane til Fos­sen gard. Og den stod ferdig i 1918. Inn til Holene hadde gardbrukarane sjølve bygt veg tidlegare.

    Den konsesjonen A/S Matrefallene fekk i 1908 var den første i sitt slag i landet, og det er sagt at den skapte mønster for seinare konsesjo­nar som vart gjevne for større industritiltak i Norge.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10