Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Matre vart grenseposten mellom Bjørn West og fienden

    I oktober 1944 kom nokre kompani Linge-offiserar frå England for å opprette Bjørn West-basen i Masfjordfjella. Bjørn West var ei geriljaavdeling på ca.250 mann som opererte bak fiendens linjer. Og nettopp her på Matre kom grensa til å gå. Ja, Bjørn-West karane som heldt til på Litle Matre-stølen var stun­dom så nær at dei såg ned på huset der Wagner budde og som no er Bjørn West-museum. I dette huset, var også vaktkontor, og det var forbi denne vakta at Hjalmar Matre køyrde våpen, radiout­styr og forsyningar til Bjørn West, oftast pakka i sildekassar med ein høysekk over. Og det var her folk frå fjellgar­dane Stordalen og Fosse måtte innom og vise pass når dei skulle til handelsmannen eller postkontoret på Matre.

    Då tyskarane 29.april 1945 ville angripe Bjørn West i Kringlebotnen, var det i ska­ret over Litle Matre at det om morgonen gjekk opp 28 tyskarar og berre ein kom seg le­vande nedatt neste natt. Dei andre 27 vart drepne ved Li­tle Matre-stølen av eit lag på 11 mann frå Bjørn West.

    Dagen etter vart alle vak­sne menn på Matre arresterte og sende til Litle Matre-stølen for å bere ned dei falne.

    «Ved første skudd frå ban­dittane (dvs. Bjørn West) vert de alle skotne», ropa den tyske vaktsjefen som var med.

    Også kona til Hjalmar, Aslaug, vart arrestert og måtte sitje fem dagar som Wagner sin fange i eit rom over kontoret hans.

    Då dei døde tyskarane var transporterte ned, tok han Aslaug ut og viste henne lika og sa: «Sjå kva mannen din har gjort».

    Han sette fyr på og brende ned naustet til Hjalmar pluss to buer nede ved kaien. Også det viste han til Aslaug, og han snakka om eit nytt Telavåg og ville brenne meir. Men det fekk han ikkje lov til hjå den tyske sjefen i Bergen som ordra han frå stillinga si. Ein ny sjef vart send til Matre.

    Mennene som var arres­terte, vart haldne som fangar i ei russarbrakke ei vikes tid før dei vart sende til fangelei­ren på Espeland ved Bergen. Her sat dei til krigen var slutt.

    Men Aslaug som hadde eit tvillingpar på tre år heime, slapp fri etter 5 dagar.

    I huset hennar hadde 60 tyskarar vore innlosjerte på det meste. Det var soldatar som skulle til fjells og som tok del i dei siste kampane på Klavefjellet 3.mai 1945.

    I kampane i fjellet miste 6 Bjørn West-soldatar livet. Kor mange tyskarar som fall er ikkje kjent, men at 34 døde kom ned att til Matre, veit ein sikkert.

    Tyskarane brende Fosse­stølen og alle husa i Kringlebotten.

    Den 5.mai 1945 kom dei også til Stordalen. Der trefte dei på Torgeir Stordal som var 76 år gamal og som ikkje hadde klart å fylgje med Bjørn West-avdelinga då dei trekte seg ut natt til 4. mai.

    Tyskarane skaut Torgeir og brende husa ned over han.

    Det er skrivne tre bøker om Bjørn West:

    Rolv R. Skre: Bjørn West i aktiv innsats 1946
    Arnfinn Haga: Jernring rundt Bjørn West 1982
    Thomas Nielsen: Bak de tyske linjer 1992.

    I 1993/94 lagar NRK i sa­marbeid med BKK ein TV-film om Bjørn West.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10