Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Fisk og forsøk

    Fiskerinæringens forskningsfond starta i 1971 ein forskningsstasjon på Matre. Det vart bygt opp stasjons­bygning med klekkeri i kjel­laren og ein del utekar langs elva, pluss eit sjøanlegg. Sei­nare har stasjonen stadig vorte utvida med tilbygg og nybygg.

    I 1989 vart kontorbygning­en bygd opp med 11/2 etasje, og i  1990 vart det bygt eit stort  servicebygg  (oppe  ved vegen) – der det er m. a. fryserom, la­ger, verkstader og garasjar.

    Frå 1974 har dei hatt vassledning inn frå Matre kraftverk for å kunne gjere seg nytte av det opp­varma kjølevatnet.

    I dag er det to pumpestasjonar som leverer til sa­man 10.000 liter kjølevatn pr. min­utt.

    Matre havbruksstasjon er ein forskningsstasjon under Fiskeridirektoratets forskningsinstitutt i Bergen.

    Oppgåva er å halde tilgjengeleg forskningsmateriale for lakse­fisk i alle stadier frå rogn til stamfisk.

    Stasjonen er avhengig av prosjekt som kan gje økonomisk støtte til drifta, og at desse igjen gjev gode resul­tat slik at tenestene vert et­terspurde av næringslivet og andre interesserte.

    Ca. 30 personar er i arbeid ved Matre Havbruksstasjon.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10