Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Største sandmassane i Masfjorden

    Ikkje nokon stad i Masfjorden fanst det så mykje sand som ved utløpet til Matreelva. For 10 tusen år sidan var det istid i Nord-Europa og havet stod då 64 m høgare enn i dag. Etter kvart som isen smelta, steig landet og det kom stein og sand med breelvane som vart liggjande inn mot fjellet på begge sider av elva.

    På Store Matre ser me sandhaugane ligg der urørde, medan ein på Litle Matre har grave ut og ført bort enorme mengder sand gjennom ein heil mannsalder.

    Under krigen starta tyskarane sanddrift på Matre med russiske krigsfangar.

    I 1951 overtok sandkompaniet K-71 drifta av sandtaket. K-71 arbeidde for Bergen kommune. Det vart sett i gang eit omfattande ryddear­beid mellom anna hogging av skog kring kantane av sandtaket. Mange fekk seg arbeid og etter kvart vart det full drift att med kontinuerleg utføring av sand til Bergen. K-71 dreiv sandtaket til 1969. Frå 1.januar 1970 overtok Statens Vegvesen og dei dreiv like til det var tomt på Litle Matre i 1985.

    Vegvesenet opplyser å ha tatt ut ca. 2 millionar tonn grus etter 1970 og dei meiner det var teke ut omtrent like mykje før dei begynte. To og ei halvt gardsbruk har gått med, og sanden er fjerna heilt opp til den markante, kvite kanten ein ser i fjellsida.

    Det meste av tangen der skulen og idrettsplassen ligg i dag, er lagt opp av stein som er sortert ut av sanden.

    Etter 1985 har vegvesenet henta sand frå eit grustak oppe i dalen, ved Storseten der Matrehola er. Mellom 1985 og 1990 vart det teke ut 350 000 tonn sand frå Stor­seten.

    Framleis driv vegvesenet oljegrusanlegget på Matre. Råmaterialet kjem i dag frå steinmassane som vert tekne ut or tunnelen dei arbeider på mellom Matre og Stora-vatnet.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10