Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    E-verksmuseum og Bjørn West-museum

    I 1985 bygde BKK eit heilt nytt kraftverk ved Hommelfossen. Den gamle stasjonen med røyrgate oppetter fjellet vart då nedlagt og freda. Kring den freda kraftstasjo­nen og ein nyrestaurert min­dre gardsstasjon ved Brydalsfossen, bygt i 1947 for Fossegardane, vert det nå ar­beidd med å få til eit kraftverksmuseum. I opplegget prøver ein å passe inn besøk både på den nye Hommelfossen kraftstasjon og den store kraftstasjonen på Matre.

    Bjørn West-museet på Ma­tre vart mellombels opna 23. august 1992, og vil verte offisielt opna 15.oktober 1994. I 1993 har museet vore ope 3 timar 2 dagar i veka og har hatt besøk av 2900 per­sonar.

    Opningsarrangementet vil verte del av 50-årsmarkeringa for frigjering av landet med invitasjon av alle attlevande Bjørn West-veteranar og representantar for offentlege myndigheiter.

    Jonas Riisnes

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
    « Forrige1 ... 89 10