Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Matre som turiststad

    Alt før århundreskiftet var Matre oppdaga av engelske turistar.

    Toralf Matre (fødd 1906) fekk som gut fortalt at det heime hjå dei på Reina hadde budd engelskmenn om som­rane som hadde fiska laks i Matreelva.

    Då så planane om storin­dustri kom, førde det til auka aktivitet med besøk av fra­mandfolk både frå inn- og ut­land. Desse måtte skaffast husrom og servering. Ein mann frå Numedal kjøpte seg tomt på Matre og bygde eit stort hus der han planla pensjonat, kafé og handel. I 1911 bygde Ole E.Sandnes «Matre hotell». Dei første åra budde det mykje anleggsfolk på hotellet, meir eller mindre fast. Men etter kvart kom det også sommarturistar, mest frå Bergen, som prøvde fiske­lukka i elva og i fjorden.

    Under første verdskrigen 1914 -18 stoppa verksemda på Matre opp, og då Tyskland tapte krigen, vart heile A/S Matrefallene kjøpt opp av Norsk Hydro som på den måten fekk kontroll over det som kunne ha vorte ein bry­sam konkurrent. Noko kraft­produksjon på Matre var Hy­dro mindre interessert i. Då det etter krigen også vart svært dårlege tider, stoppa arbeidet med å reise storin­dustri på Matre, for godt.

    Ein sterkt redusert aktivi­tet førde til at mannen frå Numedal, Tor Videsjord, selde huset sitt og reiste frå Matre. Huset vart seinare nytta til skulehus og lærarbustad, men er i dag borte. (Øvste etasjen av huset vart i 1949 tatt ned og sett opp att i utmarka på Eikemo der det vart nytta som skule­hus i mange år).

    På Matre hotell vart det no heller stille om vintrane. Men om somrane kom det turistar både frå utlandet og frå Bergen. Frå utlandet var det mest engelskmenn som kom for å fiske laks. Desse vart gjerne kalla lakselordar. Og mange av dei kom att år etter år. Ja, om sommaren var ofte hotellet fullt av turistar. Og vegen til Fossegardane og sei­nare Solheim og fylkesgrensa, inviterte til utflukter.

    Hotelleigar O.E.Sandnes kjøpte ei firehjuls heste trille til å køyre turistar i. Seinare kjøpte M. H. Matre trilla, og sonen, Hjalmar, hugsar han køyrde turistar i den opp gjennom Matredalen.

    Trilla hadde to sete med plass til 2 i kvart pluss kuskesete framme. Betalinga var kr 5,- til Hommelfossen og kr 10,-til Fosse.

    Fleire av dei andre gar­dane på Matre hadde tohjuls stolkjerre. Toralf Matre hug­sar at jonsokaftan i 1922 kom det eit turistskip til Ma­tre med Dronning Vilhelmina og konprinsesse Juliana av Nederland ombord.

    Dei kongelege besøkte ho­tellet og dei køyrde tur i Matredalen. Johannes Matre, bror til Toralf, fekk æra av å køyre dronninga og Teodor Matre køyrde prinsessa. Ved Matrevatnet måtte dei stoppe ei stund medan dronninga teikna og måla landskapet in­nover mot Klavefjellet.

    Turistskipet låg på Matre natta over og det vart om kvelden brent bål på ein flåte på fjorden.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10