Skip to content

Matre i gamal og ny tid

    Krigstid med tyskarar og russarar på Matre

    Då tyskarane invaderte Noreg i 1940 tok dei straks til å byggje festningsverk for kystartilleri, luftvernartilleri og mellom anna ein svær ubåtbunker på Laksevåg i Bergen.

    Til dette trong dei mykje sand, og det fann dei rikeleg av på Matre.

    Tidleg i 1942 kom tyska­rane til Matre med 200 rus­siske kringsfangar og 30 fangevaktarar. Dermed hadde den tyske okkupasjonen nådd heilt ut til ei avsidesliggjande, lita fjordbygd.

    Tyskarane rekvirerte dei to husa A/S Matrefallene hadde bygt til funksjonærboligar. Der budde kommandanten deira, marineløytnant Karl Wagner, og fangevoktarane, medan ingeniørar og høgare offiserar på besøk budde på hotellet.

    Det vart bygt tre brakker til russarane i Einekavane.

    Dei russiske fangane vart dagleg førde gjennom tunet til Malena Matre, og ho har fortalt at dei var kledde i ut­slitne uniformer som var mest berre filler. Dei gjekk i kloggar og rundt beina hadde dei berre sekkefiller og papir.

    Dei var alltid svoltne. På garden tok dei innvollar frå slakt, dei tok sildemjøl som skulle nyttast til fór, og ein gong hadde dei kome over tillaga grisemat i ei bøtte, som dei åt opp. Bøtta stod att reinskrapa.

    Folk på Matre var ofte vit­ne til at fangar vart plaga og slegne av fangevoktarar. Fire russarar vart drepne av tyskarane. To av dei vart skotne oppe i sandtaket, og medfan­gar vart ordra til å grave dei ned i sanden. Sidan laga rus­sarane gravstøtter og sette opp på kameratane sine.

    Alle dei fire russarane er i dag gravlagde på Solheim kyrkjegard under ein stor gravstein.

    Tyskarane hadde ikkje så mykje med folk på Matre å gjere, bortsett frå at dei kon­trollerte alle som kom og reiste. Kvar gong rutebåten kom var dei på kaien og kontrollerte pass, og berre folk skulle innover dalen, måtte dei innom den tyske vakta og visa passet. Ja, også dei som gjekk på stølen om sommar­en, måtte vise pass to gonger på dagen.

    Den 10. desember 1944 var Karl Wagner sjølv på passkontroll ombord på rutebåten «Lygra». Gardbrukar Johan Th. Seim frå Seim i Lindås låg på ein benk i lug­aren og sov. Wagner skreik og ville sjå passet. Men då man­nen var søvnig og litt sein, tok Wagner pistolen og skaut han ned og drap han.

    Denne hendinga skaka opp folk i heile distriktet og auka bitterheit og motvilje mot ty skarane.

    Norske myndigheiter sikra seg Wagner i 1945, og han vart stilt for retten og dømt til 12 års tvangsarbeid ved Gu­lating lagmannsrett den 26/ 11-1947. Han vart seinare benåda ved kgl.res. 2/3-1951 og sendt heim til Tyskland 25/5-1951.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10