Skip to content

Søren Kvamsdal minnest anleggsarbeidet

    Søren Kvamsdal (fødd i 1906) var ein av dei mange som fekk seg arbeid på anleg­get i Matrefjella, og som var med der gjennom ein liten mannsalder.

    Han hadde hatt eit omskif­tande liv på mange arbeid­splassar før han i 1952 kom til Matre. Han har fortalt om dette i Norsk Arbeidsmannsforbund si bok: «Arbeid, fred, solidaritet»

    Me tek med nokre smakebi­tar her som også har vore trykte i ei bok BKK gav ut ved 70-årsmarkinga for selskapet i 1990.

    «Eg byrja i arbeid der den 29.april 1952. Det var same året dei sette arbeid i gang. l . mai fekk me fri. Då var eg heime og sette poteter. Det hadde eg ikkje vore van med, so eg tykte eg hadde fenge ein god plass å arbeida på no.

    Eg tykte det var fint då eg fekk fyrste lønninga. Eg hadde vore utan arbeid ei tid, så det var smått med kontan­tar. Me fekk krona 3,11 for ti­men. Det var vel den høgaste timeløn eg hadde hatt til då….

    Eg var med på forskjellig arbeid. Der var grøftar, planeringar og sprenging av fjell. Det var ikkje så mykje maski­nar, so me arbeidde med spade og trillebår. Borema­skin hadde me, so det gjekk fort å få hol i fjellet.

    Desse tunnelarbeiderane tykte eg mange gonger var uvyrdne og uforsiktige, og dei for ikkje alltid fint med redskapen dei hadde i hendene. Det var fleire eg la merke til som kom berande inn i kraft­stasjonen med dynamittkassar på herda, og slengde dei i steinrøysa so dei sprakk.

    Eg vil seia det slik at det var eit stort under det gjekk vel. Men merkeleg nok veit eg ikkje av at nokon kom til skade eller miste livet inne i kraftstasjonen mens dei ar­beidde der.

    Eg var med og kilte og bolta heile stasjonen. Det var mykje laust fjell som måtte sikrast. Me sto på stillas 10-15 meter høge og kilte og bora hol til boltane. Det var ikkje heilt ufårleg arbeid, og eg tenkte mange gonger eg gjekk inn om morgonen: «Kjem eg heilskinna ut att i kveld»? Der var mykje støyping. Heile stasjonen skulle kvelvast. Der gjekk me skift i 3 vikor, men helgena óg, for det laut gå i eitt.

    Då me var ferdige ved sjøen i Matredalen, bar det til fjells i vasstunnelar og damarbeid. Då vart det fleire dødsulukker.

    Arbeidet vart alltid innstilt den dagen der hende slike ulukker, utan at det var høgst nødvendig at dei heldt det i gang. I alt miste ti mann livet under anleggstida. Den varte frå våren 1952 til no jul 1982 – i 30 år.

    Om sumaren arbeidde eg på dammar. Det var om å gje­ra å få mest mogeleg ferdig til vinteren kom. Eg var som re­gel med og mura frammur og bakmur. Dammen kunne vera over 100 meter brei i botnen og smalnast til på top­pen til ein 3-4 metar. Der gjekk mykje stein til fyll i dammen.

    Barakkene me budde i, var tyskarbarakker som var flytta fleire gonger etter som arbeidet skreid fram. Der var ikkje så mykje bråk, men det vart no halde ein og annan fest. Slagsmål veit eg aldri der var.

    Lønskrav hugsar eg ikkje me hadde.

    Det var tariffar det gjekk etter, og det var vel gjennom Arbeidsmandsforbundet dei forhandlingane gjekk.

    Streik var eg ikkje med på.

    Ja dette er noko av det eg har oppleva den tid eg var med og bygde landet»

    Søren Kvamsdal