Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Helsingar til jubilanten

    Dei fire prestane som var til stades, hadde korte helsingstalar til dei frammøtte. Dei var alle inne på at sjølv om dette er eit jubileum der me feirar at ei kyrkje har nått ein høg alder, er det viktigaste at kyrkja framleis er levande og spelar ei rolle for folk den dag i dag.

    – Det var sagt i det historiske attersynet at det hende folk sovna under preika i gamle dagar, sa biskop Hagesæther. Eg har sjølv sove i kyrkja, lån han til. Men eg meiner det er betre å sova i kyrkja, enn å sova utanfor kyrkja!

    Gjennom generasjonane har menneske i glede og sorg søkt kyrkja. Slik er det framleis. Kyrkja er ein møtestad der kvar og ein av oss kan møta Gud.

    Biskopen gav elles uttrykk for at han var imponert over dåpsopplæringsplanen som kyrkjelydane i Masfjorden har fått i stand og meinte at dette er ein plan som kan tena som føredøme for andre kyrkjelydar.

    –  Det er sagt at brotsmannen ofte vendar attende til gjerningsstaden,  sa Olaf Sigurd Gundersen i si helsing. I så måte er eg no vend attende til gjerningsstaden, sa han vidare. Det var nemleg i Sandnes kyrkje han starta si prestegjerning for vel 20 år sidan. Men han meinte at kyrkja var gjerningsstaden også i ei anna meining, det er nemleg der Gud startar si gjerning med oss i dåpen. Kyrkja er difor ein stad me stadig må venda tilbake til.

    Eivind Molland bar fram helsing på vegne av sokneråda i Frøyset og Solheim.

    –  Det er ikkje godt å vita kva ein skal firma på å kjøpa til ein jubilant som er såpass opp i åra, sa han mellom anna. Gåva han hadde med seg til Sandneskyrkja, var to lysestakar som vil verta brukte i kyrkjelydssalen.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8