Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Jubileumsfeiring i fleire dagar

    Det har vore fleire jubileum i 1995. Me ha høgtida 50-årsminnet for freden i 1945, og me har feira at kristendomen i Noreg er 1000 år. 150 år er ein høg alder, sjølv for ei kyrkje, og Sandnes sokneråd ville gjerne markera jubileet. Det var naturleg å leggja jubileum-høgtida så nær opp til vigslingsdatoen for kyrkja som råd var.

    Helga 14. og 15. oktober vart 150-årsjubileet høgtida.

    Soknerådet hadde lagt opp eit omfattande program for feiringa. Eit av måla var å visa at kyrkja ikkje berre er eit gamalt hus, men at det og skjer mykje i og rundt kyrkja den dag i dag. Sandnes kyrkje er i bruk til dei vanlege gudstenestene gjennom året. Men kyrkja er og brukt som konsertlokale både av lokale musikkrefter og av tilreisande musikarar. Kyrkjelydssalen er jamnleg i bruk til møte og samlingar. Og mykje av det barne- og ungdomsarbeidet som vert drive, har sitt utspring i kyrkja. Det var difor heilt naturleg at det var dei aller yngste kyrkjegjengarane som fekk æra av å starta jubileumsfeiringa. Både på Andvik, Sandnes og Kvingo er det barneforenigar der borna samlast eit par gonger i månaden til song, andakt og aktivitetar av ymse slag. Onsdagen før sjølve jubileet slo desse tre barne-foreningane seg saman til stor bursdagsfeiring i kyrkja. Der sto song på programmet og dessutan vanka det både brus og sjokoladekake, slik det skal vera i eit skikkeleg bursdagsbesøk.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8