Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Festgudstenesta

    Sundagen starta med festgudsteneste kl.ll. Og no var kyrkja heilt fullsett. Her var både bygdefolk og utflytte masfjordingar som  hadde  teke turen heim for å få med seg dette jubileet. Mange er dei som er døypte og konfirmerte her i kyrkja, og som no er busette andre stader. Men når det gjeld kyrkjer, har barndomskyrkja ofte ein spesiell plass i tankane til dei som er flytta ut. Me er ikkje alltid så flinke til å vera med på tilstellingar i andre deler av kommunen, men ved denne store hendinga var det deltakarar far alle sokna. Og her var tilreisande frå andre bygder.

    Det vart ei høgtideleg gudsteneste. Og sjeldan opplever me slik salmesong i kyrkja.

    I prosesjonen oppover kyrkjegolvet kom fire prestar: Biskop Ole D.Hagesæther, prost Kåre Mestad,         tidlegare sokneprest i Masfjorden Olaf Sigurd Gundersen og sokneprest Knut Fr.Sørheim. Alle fire deltok i gudstenesta. Sokneprest Knut Fr.Sørheim ynskte velkomen og fortalde litt frå soga til kyrkja. Gundersen las ein av Bibeltekstane for dagen og prost Mestad gjorde teneste for alteret. Biskopen heldt preika. Dette var fyrste gongen den nye biskopen i Bjørgvin vitja kyrkjelydane i Masfjorden.

    Også ved dette høvet hadde soknerådet fått hjelp av lokale musikkrefter. Frå galleriet spelte musikantar frå Sandnes skulemusikk til fleire av salmane. Biskopen gav uttrykk for at han var svært begeistra for all den fin musikken i kyrkja under gudstenesta.

    Ei ungdomsgruppe frå Det norske misjonsselskap tok også del i gudstenesta med song og drama. I sommar hadde dei vore på tur til Brasil og studert misjonsselskapet sitt arbeid der. Denne helga var dei samla hjå ei av deltakarane på Sandnes og fekk såleis høve til å vera med på denne jubileumsgudstenesta.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8