Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Ein kyrkjedag i gamle dagar

    Eit av dei viktigaste satsingsområda i kyrkja i dag, er ungdomsarbeidet. Ragnhild Hodne Mjanger tok ordet på vegne av dei unge og sa det slik: – Me som er unge i Sandnes sokn i dag, er med i kyrkja og i kyrkjeleg barne- og ungdoms­arbeid. Søndagsskulane møtest i kyrkja for å markera sundagsskulens dag. Me er med i barneforeningar, og seinare i tenklubben.

    Ungdomar frå tenklubben hadde laga til eit tablå som viste korleis ein preikesundag arta seg for hundre år sidan. Skulen hadde vore med på å få dette i stand, både med skriving og øving. Ungdomane lukkast i å gjera ein preikesundag i gamle dagar levande for oss. Gamle klede var tekne i bruk og ymse gamalt utstyr var henta fram att. Me fekk vera med i båten på veg til kyrkja og fekk med litt av kva samtalen der kunne dreia seg om. Me var til stades på ei gudsteneste, der salmesongen og preika var på eit så stivt dansk at det måtte vera meir enn vanskeleg å få med seg innhaldet for almuen, og me fekk eit lite innblikk i kva som gjekk føre seg på kyrkjebakken etter gudstenesta. Der møttest slekt og vener, der kunne dei unge snakkast, der vart det gjort handel og frett nytt.

    Også dei eldre i kyrkjelyden, representert ved Leif S.Kvinge, hadde si helsing til møtelyden.

    – Kvar av oss eldre ber med oss vår eiga kyrkjehistorie. Mange av våre vakraste minne er knytte til kyrkja. Der har milepælane i våre liv blitt helga og høgtida, sa han mellom anna, og la til at det kyrkjelege arbeidet alltid har hatt stor plass i bygdene våre.

    I si helsing kom varaordførar Helge Haukeland inn på det forholdet han hadde til Sandnes kyrkje som si barndoms kyrkje, den kyrkja han både var døypt og konfirmert i. Han mintest at han hadde fått vore med bestefaren den tid han var tilsynsmann for kyrkja. Det nære tilhøvet han hadde til kyrkja i gutedagen, gjorde at han framleis rekna Sandneskyrkja som si kyrkje, sjølv om Duesund no høyrer til Frøyset sokn. Haukeland var lei for at kommunen ikkje hadde løyvd så mykje pengar som ønskjeleg til vedlikehald av kyrkjene dei seinare åra. Han meinte det ikkje var viljen det skorta på. Men nett no gjev ikkje økonomien rom for store løyvingar verken til kyrkja eller andre føremål.

    Song og musikk har ein naturleg plass på ein slik fest. Det vart sunge mykje under bordseta. Dessutan spela Maria Kuprijanova piano til oss. og Lisbeth Morken song eit par salmar til gamle folketonar. Og båe aktørane fekk velfortent applaus.

    Alt i alt vart det ei verdig markering av 150-årsjubileet. Soknerådet trong mange gode hjelparar for å få eit så stort arrangement vel i hamn og møtte velvilje hjå dei som vart spurde. Slik vart dette ein festdag for heile bygda, ein dag å sjå tilbake på med glede for både unge og eldre.

    Alf Strand

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8
    « Forrige1 ... 67 8