Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Jubileumskonserten

    Laurdagen starta den offisielle feiringa med konsert i kyrkja. Ei nesten fullsett kyrkje fekk oppleva ein fin konsert der lovsongen stod i høgsetet. Her var folk i alle aldrar. Kari Sørheim leia programmet. Ho minna om at konserten vart halden både for å feira at kyrkja er 150 år, men og for å lovsyngja Gud. Ho starta med å lesa Davids 150.salme:

    Halleluja,
    lovsyng Gud
    i hans heilagdom,
    lovsyng han
    i hans himmelborg!
    Lov han for hans mektige verk,
    lov han for hans store velde.

    Konserten viste litt av breidda i musikklivet i Masfjorden. Ord og tonar frå andre land og frå vårt eige, tonar frå ulike tider og på ulike instrument. Songarar og musikarar i alle aldrar. Det vart ein konsert akkurat slik David skriv vidare i same salmen:

    Lov han med gjallande hord,
    lov han med harpe og lyre.
    Lov han med pauke og dans,
    lov han med strengespel og fl
    øyte.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8