Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Etter at Fjon Musikklag hadde opna konserten «med gjallande horn», framførte nokre av borna i dei to barneforeningane nokre av songane dei har lært. Dei var ikkje mange ( det er ikkje alle som held ut til klokka er ni om kvelden ) og dei song ikkje sterkt. Men dei gav sitt bidrag til ein fin konsert og dei viste at kyrkja er til også for dei. Og dei kjem nok sterkare att i andre samanhengar. Deretter tok dei vaksne songarane over. Songkoret Spleis hadde tre songar på sitt program denne kvelden, og dei gamle songane fylte kyrkja med høgtid. Koret gav tonen vidare til Anna Kuprianova og Boris Kuprianov på piano og trombone og dei framførte musikkstykke av Grieg og Bach for oss.
    Det var ein spesielt invitert gjest som deltok på konserten denne kvelden. Det var Silje Walde frå Meland. Hennar spesialitet er gamle folketonar. Og kva kunne vel høva betre når konsertlokalet var ei 150 år gamal kyrkje ? Dei gamle folketonane gav oss kjensla av å vera i eit hus der slektledd på slektledd føre oss har samlast for å høyra Guds ord og syngja lovsongar til hans pris.

    Lov han med tonande
    cymbalar,
    lov han med klingande
    cymbalar!
    Alt som har ande
    skal lova Herren.
    Halleluja!

    Slik avsluttar David salmen sin. Og med klingande cymbalar avslutta Fjon Musikklag sin del av konserten før Silje Walde akkonpangert av Anna og Boris til slutt framførte songen «Sangfugl» av Jan Eggum.

    Konserten varte i vel ein time, og tilhøyrarane kunne gå ut i haustkvelden ei stor oppleving rikare. Med lovsong og gamle og nye folketonar hadde soknerådet og musikklivet i samarbeid sytt for ein verdig start på det store jubileet.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8