Skip to content

Glimt frå Sandnes kyrkje sitt 150-års jubileum

    Festmiddag på Grendahuset

    Omlag 120 menneske var til stades på middagen og festprogrammet i Fjon Grendahus etter gudstenesta. Mellom dei spesielt innbedne gjestane var biskopen, prosten og Gundersen. Også andre som no er i, eller tidlegare har vore i kyrkjeleg teneste i soknet, var inviterte til samkoma som vart leia av Eldbjørg Mjanger.

    Masfjorden kommune var representert ved varaordførar Helge Haukeland. I høve jubiléet hadde kommunen fått overrekt eit ordførarkjede frå ein utflytt masfjording, Agnar Areklett i Karasjok.

    Ved jubileumsgudstenesta og festsamkoma var dette i bruk for fyrste gong.

    På festen vart det fyrst gjeve eit attersyn over soga til Sandnes kyrkje. Sandnes er ein svært gamal kyrkjestad. Den fyrste kyrkja som sto der, var bygd i mellomalderen ein gong. Me veit ikkje sikkert om den kyrkja som vart riven i 1844 var den fyrste, eller om der har stått ei tidlegare. Men me veit i alle fall at til denne kyrkjestaden har masfjordingane søkt i hundrevis av år før den nye kyrkja stod ferdig i 1845. Meir om soga til Sandnes kyrkje kan ein firma i heftet som vart laga til dette jubileet, og som er til sals hjå Sandnes Sokneråd.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7 8