Skip to content

Humoren – Guds rike gåve

    Sjølvironien er ei rik gåve. Det er fortalt om den kjende ungdomspresten Olfert Richard. Han var ei tid på tale til å verta biskop i Roskilde. Både han sjølv og folk flest venta at han skulde verta utnemnd. Men soleis gjekk det ikkje. Ein annan vart utnemnd. Då han kjem inn til konfirmantane sine dagen etter, spyr han deim: «Kann de sjå noko nytt ved meg i dag ?» Dei såg og såg… Men fann ikkje noko nytt ved honom…. Då segjer Richard: «Ser de ikkje, at eg hev fenge lang nase???»

    Då var det verre med Søren Kierkegaard : Han var ei tid utsett for at københamnarane dreiv ap og flein åt honom. Det gjekk hardt inn på honom. M.a. hende det at morrobladet «Corsaren» laga ei teikning der dei framstelte honom med ulikt lange buksebein. «Det er ikkje sant!» sa Kierkegaard djupt fortvila.

    Då gjekk det betre med Sokrates. Om han er det fortalt, at han var i teateret ein kveld. Der hadde dei sett upp eit stykke som nettopp skildra den stoje tenkjaren. Ja, han vart skildra på ein måte som sette honom i eit komisk lys. Då spelet var ferdigt og alle klappa, reiste Sokrates seg opp. Han bukka djupt – som var det til hans ære, at dei klappa….

    Humoristisk sans – kva er det? Jau, det er å hava evna til å sjå seg sjølv utanfrå. Evne til sjølvdistansering. Sjølvobjektivering. Hava evne til å vinna att det rette perspektiv på livet. Skal tru om ikkje humoren er i slekt med religiøsiteten? Trui på ei nyskapande makt… Båe hev den egenskapen: Å setja ei syrgeleg hending inn i ei ny råme…

    Eg høyrde ein gong ein prest fortelja ei hending som tydeleg kastar ljos yver dette: Ein mann oppsøkte presten ei kveldstund (Han gav seinare presten løyve til å fortelja det som her vert fortalt). Det var lett å sjå at mannen var nedtyngd med sorg. Han kom for å melda frå om , at kona var død. Dei fekk prata i lag lenge dei tvo. Og dei kom på god «bylgjelengde». Mannen ser attende på livet. Brått dukkar ei hending opp i minnet hans… Ein varm god smil legg seg yver andletet hans. Presten skjønar: No er det eit gledelegt minne som stig fram. Og han fekk rett. For mannen heldt fram: «Du skjønar, ho kunde ha skikkeleg temperament, ho der… Ein gong skulde me i gjestebod. Me hadde knapp tid. Ho var noko stressa. Og so var det det, at ho ikkje fann dei rette skorna. Ho var kvikk óg. No opna ho døri inn til eine klesskåpet. Der hadde ho mange par skor. Ho bøygde seg inn i skåpet og leitte i vill fart… Då tykte eg ho stod so lagleg til. Eg puffa godt til henne, slik at ho fekk seg ein ufriviljug tur inn i skåpet… Det heile enda med at dei tvo karane fekk dela ein skikkeleg lått i lag, etter di dei såg situasjonen føre seg.

    Sorgi vart ikkje mindre om låtten vart utløyst. Situasjonen vart berre sett inn i ei onnor råme.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7