Skip to content

Humoren – Guds rike gåve

    Det gjer godt å få le. Låtten ber i seg ei frigjerande kraft. Det ligg ei djup livsrøynsla i den gamle utsegni: «Ein god lått lengjer livet». Lækjarane hevdar det same: Det er sunt å le.

    Det hender noko i oss, når me ler. Låtten gjer noko med oss. Og det hender noko kring oss. Fysiologane fortel, at me skil ut eit stoff i kroppen, når låtten grip tak i oss. Underleg nok er det just det same stoffet som vekkjer sinnet i oss. Låtten skulde då føra til at me vart mindre sinte… Og so hender det noko kringom oss, når låtten kjem i drift: ein tyngjande stemning låg i lufti. Ho låg der som ei myrk skodda. So var det einkvan som hadde evne til å løysa ut låtten. Den trykkjande stemninga kvarv som skodda i møte med det varme solljoset.

    Tidleg i haust vart eg kjend med ein ny student i Volda. Ho oppsøkte meg av di eg kjenner far hennar. Då kunde eg fortelja henne: «Far din og eg – me hev ledd mang ein god lått i lag!»

    Låtten er avvæpnande: Der kollegaer ler i lag, fell det ikkje ord med giftig brodd… Eg lyt vedkjenna, at eg er takksam til Skaparen for at eg lever no, og ikkje for hundrad (100) år sidan. Eitt og anna gale kan dei sikkert segja um meg med, men truleg ikkje det dei sa um presten W. A. W. Harboe, då han tiltredde i Ramnes i kring år 1900. «Han lo, da han gikk frå sakristiet», sa folk i Jarlsberg om han. «Vihar nok ikkje fått noen kristen prest!» lagde dei til.

    Bakum låtten ligg humoren. Evna til å «sjå» det komiske. Ja, ikkje berre sjå, men ogso hava evne til å få det utløyst. Biskopen av Viborg i Danmark , Georg S. Geil, kallar humoren for «Den tredje gave». I den samanhengen tenkjer han ikkje på dei tri nådegåvene som apostelen (Paulus) skriv um – «Tru, von og kjærleik». Dei er av himmelsk kvalitet. Difor vert dei verande til evig tid. Geil talar um tri liknande gåvor frå Skaparen til menneskelivet. Gåvor gjevne for å verna om oss i livet. Desse tri heiter: Svevnen, gløymsla og humoren.

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7