Skip to content

Humoren – Guds rike gåve

    Den same eigenskapen finn me i kristentrui. Trui kastar nytt ljos yver livsstriden min. Vanskane mine vert rivne ut or sin fastkøyrde samanheng. Når eg ser vanskane mine gjennum trui sine brillor, fær dei ein heilt ny farge: Eine Umwertung aller Werte…

    Det same er tilfelle, når eg fær sjå livet mitt gjennum humoren sine brilleglas: Eg uppdagar: Det er råd å yverleva! Eg treng ikkje taka meg sjølv so høgtideleg. Ikkje alltid! Det eg tykte var so alvorleg, fær i grunnen små konsekvensar.

    Me kann og leggja merke til, at eitt og anna som var so ålvorlegt, kann få ein humoristisk dåm yver seg, berre det kjem på fråstand i tid. Nokre gamle gravsteinar på ein gamal kyrkjegard er eit godt døme på det. På ein stein der eit gamalt ektepar kviler, finn me fylgjande skrive: «DERES STRID ER ENDT». På ein annan gravstein stend det skrive om ei ung mor: «HUN DØDE FRA FEM UOPPDRAGNE BØRN». Den gongen var det stridt alvor. I vår tid kallar desse gravsteinane smilet fram.

    Fedrene våre, dei som ruver i kyrkjesoga, hadde dei humor? Biskop Johan Nordahl Brun var ein stor humorist. Det kjem til uttrykk m.a. i møte med hans gode ven Niels Hertzberg. Han var fyrst sokneprest nede i Kvinnherad. Der hende det, at prestegarden vart øydelagt. Eit stort steinras kom veltande ned mot bygdi. Lufttrykket av det var so sterkt, at fleire av husi som høyrde prestegarden til sokk i hop. I fylgje lønssystemet den gongen var soknepresten økonomisk ansvarleg. Det vart slikt eit tungt lyft, at dei måtte samla inn pengar til honom i kyrkjene kringom i bispedømet. Betre vart det ikkje, då Hertzberg opplevde noko liknande nokre år seinare. Han var då vorten sokneprest i Ullensvang i Hardanger. Der kom det ein kraftig orkan vinteren 1806. Hovudbygningi saman med nokre uthus vart hardt skadde. Ogso denne gongen lyt han klaga si naud til biskop J.N.Brun ( som ogso var hans personelge ven ). Og Brun svarar honom med fylgjande ord: «Hvem er du for en som Vind og Vejr forfølger?»

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7