Skip to content

Humoren – Guds rike gåve

    Gisle Johnson – korleis var det med honom ? Hadde han humor? I den samanheng er det fortalt om biskop Peter Hognestad. Han var ein alvorleg mann med eit godt glimt i auga. Ein kveld i 1927 sat han i Bergen med nokre kollegaer og prata kyrkjesoge. Dei kom inn på humoren. Og dei kom til å snakka om Gisle Johnson. Då sa Hognestad: «De veit, at me brukar halda fram om Jesus, at han gret tvo gonger. Om Gisle Johnson er det sagt at han lo tvo gonger. Den ein gongen var då ein kandidat til teologisk eksamen fekk spursmålet: «Hvem i våre dager kommer nærmest dem som på Jesu tid ble kalt fariseere og skriftlærde?» Den ikkje heilt kvikke kandidaten tenkte seg godt om. Og so kom det med ein lukkeleg smil: «Det må være de teologiske professorene!» – Då lo Gisle Johnson for fyrste gong.

    Andre gongen eksaminerte han i kyrkjesoge. Det galdt forgjengarane til reformasjonen. Johnson vilde hava fram den rolla humanismen hadde spela. Kandidaten stod fast. Johnson vilde hjelpa honom på glid: «Den lærde skriftlesaren i Holland… Leidaren for humanistane…Er…?» «Erasmus Montanus» kom det med tyngde frå kandidaten, som no pusta letta. Dette var andre gongen at Gisle Johnson lo.»

    Men det er fare for at G.J. hev ledd ein tridje gong ogso, heldt Hognestad fram. Under den johnsonske vekkjingi hende det ein kveld, då nokre av krinsen var samla, at ein som kom noko seinare enn dei andre, forstøkt fortalde, at han hadde gjenge forbi Gisle Johnson og ein annan i Slottsgata. Der hadde han set, at Johnson lo. Alle vart forstøkte. Det var ikkje til å tru! No vart det stort ordskifte. Hadde han synda? Venene hans fann fram stader i Det gamle Testamentet der det stend, at «Gud lo». Andre tykte ikkje at det hjelpte. Dei fleste trudde ikkje at forteljaren hadde sett og høyrt rett. Hognestad lagde til: «Kva vilde dei ha sagt um Luther?»

    Etter kvart er det kome eit mildare syn. Sume meiner likevel framleis, at humoren berre høver i livsens frikvarter. Etter den regelen som Johan von Staupitz gav fader Luther: «I kyrkja alvorsam, men ved bordet glad og humørfyllt». I vår tid kan det endåtil fyrekoma, at me ler i kyrkja. Skal tru om det ikkje er eit samband mellom alvoret og humoren ?

    Forfattaren Friedrich Riickert segjer det so meisterleg, i det han let alvor og humor vera livskameratar:

    Det alvor er kun slapt
    Som ei til sp
    øken smiler.
    Men slappere den spøk
    Som ei på alvor kviler.

    Kjære vener! Takka Gud for humoren! Humoren gjev eit sunt liv! Han set livet i det rette perspektiv. Humoren er ei verdfull, umissande gåve for menneskelivet. Me hev ikkje råd til å gøyma henne vekk !

    Lat oss æra Skaparen ved å lata humoren leva, bløma og falda seg ut!

    Pastor Svein Kvamsdal

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7
    « Forrige1 ... 56 7