Skip to content

Humoren – Guds rike gåve

    Svevnen gjev oss rekreasjon. Han verkar nyskapande på oss. Svevnen er den vesle død, og døden er den store svevn, segjer dei i dei sudlege land. Å vakna om morgonen er som å ha fenge livet tildelt endå ein gong.

    Å gløyma er óg ei Guds gåve. Tenk om me gjekk ikring og hugsa alt? Gløymsla fører med seg, at me kan lesa upp att gamle kriminalromanar. For eg hev gløymt kven mordaren var…

    Men gløymsle gjer ogso den store velgjerningi mot meg: Å stengja ute levande menneske. Løyndomar frå andre sitt liv. Slikt som ikkje er verd å hugsa..

    Den tridje gåva er humoren. Ei rik gåve. Eg tenkjer ikkje berre på den humoren som slær ut i ein gneldrande lått. Endå mindre den humoren som let etter seg gift i hugen på ein annan ( Den kallast gjerne ironi og sarkasme ). Eg tenkjer mest på den humoren som er i nær slekt med alvoret. Humoren hjelper meg til å forstå alvoret betre. Fylgjande kann det segjast mangt eit alvorsord gjennom humoren. «Den som kun tar spøk for spøk og alvor kun alvorlig – den har fattet begge dele like meget dårlig», segjer den humoristiske alvorsmannen Piet Hein.

    Gud hev humor… ja, det at Gud er humoristisk er ogso eit stykke evangelium. Hadde ikkje Herren humor kunde han aldri halda ut med oss… Salme 2,2.4.

    Om Gud hev humor, er han aldri humørsjuk. Det er og ein bite evangelium. Humoren høyrer med til det å vera eit menneske – skapt i Guds bilete. Mykje gjekk tapt i syndefallet. Men den humoristiske sansen er noko me fekk med oss.

    Det underlege er: Ofte er det den litt tunge hugen som hev sans for den livgjevande humoren. Og livgjevande er humoren, når han hev auga for dei små komiske hendingane. Store humoristar hev ofte eit melankolsk drag i si natur. Klassisk er soga um den mannen som gjekk til lækjar, fordi han jamt var so deprimert. «Du treng å kvikkast upp», sa lækjaren. «No om dagane hev me eit sirkus her i byen. På det sirkuset hev dei ein mykje morosam klovn. Ein stor kunstnar med ein sjeldan humor. Gakk stad og sjå på honom, so skal du få deg ein god lått!» «Det let seg ikkje gjera», svara pasienten,  «for klovnen du snakkar um – det er eg…»

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7