Skip to content

Humoren – Guds rike gåve

    Skal tru om ikkje biskop Eivind Bergrav hev rett, når han segjer: Det motsette av humoren er ikkje alvoret, men – rædsla. Redde menneske ler ikkje.

    For ei tid sidan levde det ein prest ein stad. Om han sa dei: «Han minner slik um Jesus i all si ferd.» Slike utsegner kan verka noko mistenkjelege. Det kan vera svært vanskeleg å hava omgang med helgenar…

    Presten hadde to søner. Sjølvsagt kunde mang ein far ha opplevd det som denne faren fekk. Men i dette tilfellet verkar alt so forståeleg. Den eine sonen var professor i filosofi – med eit skarpt ateistisk standpunkt. Den andre sonen vart prest. Han fekk ein syrgjeleg lagnad: Han døydde tidleg – etter at han hadde mist både vit og forstand.. Kvifor gjekk det soleis?

    – Dei lo sjeldan i den heimen der desse gutane voks opp. Dei såg aldri far sin smila. Og so kan me spyrja: Korleis kan den aldri smila som liknar Jesus?

    Er ikkje kristendom glede? Endåtil ekte, uforfalska glede? Då kan ikkje den gleda vera humørlaus…

    Mest alle trur at dei sit inne med humoristisk sans. Det finst ikkje noko me er meir kjenslevare for enn sansen for humoren. Me kan lett innrømma at me ikkje hev sans for musikk, for litteratur, for politikk eller religion. Men å mangla humoristisk sans, nei, det vil ingen av oss mangla.

    I grunnen trur dei fleste av oss, at me er svært rikt utrusta på dette området. Lat oss vona at det er sant! Er det sant, då skal me ikkje vera redde for å utvikla denne sansen.

    Kva er so evna til humoristisk sans? Det er evna til å le av ting me elskar. Slikt me set høgt. Slikt som er verdfullt for oss. Evna til å le av seg sjølv og slikt som hev med oss sjølve å gjera. Og framleis setja det høgt som me ler åt. Det er råd å sjå det komiske i ei høgtideleg stund, ja endåtil i ei heilag stund; Då er det upassande å le. Kjem nokon på låtten i ei alvorleg stund verkar det ikkje frigjerande, men uhyggeleg. Det vert meir skjerande di djupare alvoret er. Vedkomande misser ikkje berre god takt og tone. Men han fær nokon til å gå i knas for andre. Å le i ei ålvorsstund er blasfemisk. Men litt seinare, når me hev det heile på fråstand, då kan me le: Eg fekk ei slik oppleving for nokre veker sidan. Me var samla til gudsteneste i Volda kyrkje. Den store kyrkja var bortimot fullsett.. Då er det at det hender: Eg snur meg mot kyrkjelyden og segjer: «Lat oss høyra Herrens ord!» Alle reiser seg. Songen lyder frisk og glad: «Gud vere lova! Halleluja!» Just i det same kjem ein stor svart katt spankulerande so vyrdeleg opp etter midtgangen… Det heile hadde ein komisk glans yver seg. Men det vilde ikkje søma seg å le der og då…

    Men skulde det henda at presten hadde humoristiske vendingar i preika si, vilde det ikkje vera usømeleg om kyrkjelyden lo…..

    Pages: 1 2 3 4 5 6 7