Skip to content

Jordmorskyss anno 1905

    Dei tre Pensjonistiaga i Masfiorden har ein fellesfest for året. Å arrangera denne festen, både praktisk og med program, går på omgang mel­lom laga. 1 1993 var det Masfjordnes Pensjonistiag som hadde oppgåva, og samværet var på Fjon Grendahus. Fint ver, god mat og interessant program gjorde dagen til ein festdag. Launa Mjanger, som óg leia festen, kom med denne soga som me får lov å gje att:

    «Når ein har levt så lenge at ein er vorten pensjonist, har ein opplevt endringar på mange område. Mange te­nester som folk måtte gjere for kvarandre før, er bort­komne i vår tid. Ei av desse er å hente jordmora til kvin­ner som skal føde. Jordmorskyss, dei kalla. No for tida kjem alle born til verda på sjukehus, og vert nokon i sei­naste laget innom dei dørane, så vert dei geleid» av helse­personell, kjørt av garde i bil med blålys på taket. Me her i denne samlinga som er mødre, har vel født våre barn heime, men i motorbåtens tidsalder. Men ved vår ankomst til verda, måtte nokon ta årane fatt for å hente kyn­dig hjelp.

    Truleg gjekk desse skyssturane oftast bra, for me har ikkje høyrt om så mykje dramatikk i samband med slike ferder. Slitsamt var det nok ofte for dei som tok ut, ofte nattetider. Og langdrygt kunne der verta for den – og dei som venta heime. Det kan følgjande episode frå 1905 gje eit døme på:

    Tidleg sundagsmorgon den 31.januar 1905 vart det i ein heim på Nord-Kvingo aktuelt med jordmorskyss. Ei ung kona, førstegongsfødande, var vorten sjuk. To unggutar vart tidleg om morgonen vekte og fekk ordre om å ro til Sandnes etter jordmor. Tur-retur Kvingo – Sandnes rekna ein med ca. 5-6 timar.

    Dei lydde ordre, men då dei vel var komne i båten, kom det beskjed om at dei måtte ro til Søre-Kvingo og låna ein større båt, for det bles sterkt. Dette lika dei så passeleg, det vart eitt kvarter ekstra roing. På Søre-Kvingo skulle dei venda seg til han­delsmann Ola Nygard og be om å få låna båten. « Jau, båten kan de få låna, men ka slags fakte er detta, å senda bansonga ut i detta veret», fekk dei til svar. Dei var 15 og 17 år gamle, og slett ingen «bansonga», så dei vart mildt sagt fornærma! Men dei sa ikkje noko, Nygard var ein «mann av få ord», og dess tyngre vog dei.

    «De får setja båten på sjø, så får eg laga meg til og vera med deko», sa han og for innatt. Men, begeret var ikkje fullt endå. Då han kom att var ny «bestemmelse» teken: «Det bles for mykje no til å ta ut i open båt. Dampen kjem snart, me får ta den til Sand­nes og gå heimatt»! Dampen var mykje forseinka på grunn av stormen. Men ikkje nok med det, han hadde først ruta til Myking!

    Vel komne til Myking tok skipparen sin bestemmelse: Dampen vert liggjande ved kaien til vinden løyer av. For dei som var ute i jordmorskyss, vart ventetida lang. Men omsider gjekk Nygard opp «på broen», og straks la dampen frå bryggja. Dei kom vel fram til Sandnes, men der fekk dei vita at ho Lisa jord­mor var i Kvamsdalen i embets medfør! Ho var forlengst attventandes, så dei vart bed­ne inn. Men karane hadde ikkje tid til å venta, dei lånte båt og rodde til Hosteland og tok fatt på vegen til Kvamsdalen. Ved nedste enden av Kvamsdalsvatnet kom ho Lisa til møtes med dei.

    Så vart det retur Hosteland – Sandnes. Her vart det eit lite «heft»før dei tok beina fatt: Ho Lisa måtte byta klede, ho var gjennomvåt. Men ingen treng misstru henne for at ho hefte seg unødig lenge. Det var nemleg dotter hennar som låg sjuk på Kvingo og venta på henne! No foreslo ungdomane å låna båt og ro heimatt, men Nygard var ikkje til å rikka: «Me lyt gå heimatt! Han bles storm!!»

    Frå Sandnes til Kvingo tek det ca. 3 timar å gå. Dei la ve­gen om Hopsdalen, og for å korta litt inn, gjekk dei over isen på Hopsvatnet. Her fór den eine av gutane gjennom isen, men dei andre fekk han opp att. På Hope måtte dei be om å få låna lykt, for det tok til å mørkna. Dei vart bedne inn på mat. Dei to «banson­gane» hadde til no ikkje teke til motmæle, men no sa han som hadde fare gjennom isen: «Stoppar me her no, så dauar eg!!»

    Så vandra dei vidare, fekk skyss over Hopsvågen og var då landfast med Kvingo. Et­ter 3/4 time var dei heime, og jordmora kom tidsnok til sitt oppdrag.

    Launa Mjanger