Skip to content

Sju års skulegang utan veg

    Då eg byrja på skulen i 1926 hadde me i Kvamsdalen ikkje bru over Storelva. Endå me budde langt frå sjøen var det likevel båt og årar som vart vårt viktigaste fram­komstmiddel. Det var ikkje langt stykket bort i Vika, men «ferjene» som me brukte i vat­net, var alt anna enn stødige. Difor var det oftast ein vaksen person som skys­sa oss over og henta oss om ettermiddagen. Slik hugsar i alle fall eg det frå første året eg gjekk i skulen.

    Det året var det to-delt skule, dei største og dei minste hadde kvar sin dag. I minste klas­sen var me berre to jenter frå Kvamsdalen, 9 og 7 år gamle. Så dei leit nok ikkje oss to åleine med båten. Når det la seg is på vatnet, vart det an­dre vanskar óg. Særleg før isen vart sterk. Der elva kjem ut i vatnet, var straumen så sterk at det heldt seg lenge ope. Me vart då skyssa over der og måtte gå Liheiane. Det tok omtrent halvtimen, gjen­nom utmarka. Etter at det kom bru over elva i 1927, vart dette den vanlege skule­vegen. Ja, utanom vinterstid med sterk is på vatnet. Då var det mykje kortare å gå beint over.

    År om anna kom det ein ny liten vegstubb frå brua og bortover. Men det gjekk seint, tykte me. Ein høg berghamar, der det måtte minast og sky­tast mykje, kunne stanse vegbygginga i fleire år. Så vart det bygt ein «akort» att, det meste var pliktarbeid på oppsitjarane. Dei hadde skrive seg for så og så mange dagsverk for året. Eg fekk ikkkje oppleve å gå vegen heilt fram til skulen, for då han var ferdig, var eg gått ut.

    Skulehuset vårt var plas­sert mest mogeleg slik at alle i krinsen hadde like lang veg. Berre dei i Lia hadde det nært. Der var ingen lærarbustad i skulehuset, men attmed skulestova var det eit lite kammers. Der kunne læraren trekkje seg attende i middagsstunda. Kanskje hende det at han budde der og, det veit eg ikk­je.

    Men ute i gongen var der ei bratt trappe opp til loftet. Aslaug Kvamsdal, som var lærar det fyrste året eg gjekk i skulen, hadde fått laga til ein liten «hybel» oppå der. Det har vorte sagt at far hen­nar, R.N.Kvamsdal, kosta materialane som skulle til. Denne hybelen var eitt rom i eine «ramen», midt under mønet. Så det var skråtak på begge sider i rommet. Eg hugsar at me fekk kome der på barneforening, og me tykte dette var storveges til husvære. Kjøkken måtte ho ha ute på den opne ganglemmen, så det kan vel tenkjast at det var noko «hustre» vinters dag.

    Frå andre skuleåret mitt vart det samla skule, det vil seie at alle, frå 7 til 14 år, gjekk same dag og i same klasse. Det vart turskule-ordning: 14 dagar skule og 14 dagar fri. Denne skuleordninga fekk eg ha i 6 av mine sju år i folkeskulen. Han eller ho som var lærar hjå oss, hadde då ei annen skulekrins dei 14 dagane me hadde fri.

    Lærarane skifta frå år til år,  ialt gjekk eg til 6 lærarar dei 7 åra eg gjekk i skulen. Sjur Duesund hadde me lengst, han var der i 3 år. Men siste skuleåret mitt vart undervisninga delt på to lærarar. Best hugsar eg det året me hadde Hilda Bauge, for ho var alltid ute og leika med oss i friminuttane ! Og så tok ho oss med på skuletur til Mollandseidet, den an­dre krinsen ho hadde. Me hadde aldri hatt skuletur før, så dette var «årets begivenhet».

    Det var no vorte ferdig veg langs stranda av Kvamsdalsvatnet, men sidan var det å gå i utmark,  og ro over fleire vatn. Me starta tidleg, gjekk til Ostavatnet og hadde båt over der. Så gjekk me inn Tenndalen, over Mollandsdalen og kom ned til Molland. Der lånte me båt og rodde over vatnet, så var me framme. Ho Hilda hadde lagt opp eit fint program for dag­en, både med kakao og mat, song og leik. Tida gjekk berre så altfor fort, men utpå etter­middagen måtte me ta på heimveg. Det bar same vegen attende, og ho Hilda var med oss.

    Sjølvsagt vart det skrive stil etterpå , og den slutta «klassisk»: «Me var alle sam­de om at det var ein gild dag!»

    For mitt indre auga kan eg sjå skulestova vår slik ho var i mi skuletid: Høgt under taket og svært lyst. For den eine langveggen hadde fire store vindauge, mest frå golv til tak, tyktest det. Den andre langveggen var snau, berre ein liten stiv plakat hang på ein spikar i nærleiken av døra. Han hadde eit merke, ein raud dobbelkross, og med store, svarte bokstavar stod det: SPYT IKKE PÅ GULVET!! Nedunder var der meir svart lester, og denne vart no lesen nokre gonger i kvart skuleår: «Et spyt utbreder smitsomme sygdomme osb…» Det var eit merkeleg språk, heilt ulikt det me lærde…

    Eine kortveggen hadde to dørar, ei til gongen og ei til kammerset. Midt mellom desse stod den store, runde ovnen som gav oss varme i kalde vinterdagar. I kråa att­med kammersdøra var det eit veggfast skåp. Der var det læraren hadde kladdebøker, blyantar og viskelær, og myk­je anna som me hadde bruk for. Blekkflaska sto heilt på botnen, saman med ymse slags instrument som me av og til tok fram når me hadde noko som heitte fysikk. Ja, og så hadde skuleboksamlinga ei hylle eller to.

    Den andre kortveggen var den «viktigaste». Der var tavla, kart over «metrisk mål og vekt», oftast og eit kart over Jødeland. Det siste var mykje brukt når me hadde bibelsoge. Andre kart og plansjar vart henta inn frå kammerset og hengde opp når me hadde bruk for dei.

    Framfor denne veggen, på midten, stod KAT­ETERET. Det hadde som ein slags kasse nedst, denne var så vid at læraren kunne ha ein stol der så han slapp å stå heile tida. Fronten på kat­eteret var grønmåla, hadde fyllingar med gule lister, og på innsida hadde læraren ei hylle og to skuffer som var råd å låse. Utover golvet var pultane plasserte i rekkjer, nokon store og nokon små, etter så mange elevar der var til kvar tid.

    Eg tykte det var moro å gå i skulen. Lese kunne eg før eg byrja, eg måtte vel ha lært det hjå naboborna, for der var det to som gjekk i skulen. Eg hugsar godt fyrste skuledagen då eg møtte opp med ABC-boka i skulekassen som far hadde laga. Etter å ha lese stykket om «Veren, grisen og hanen som ville til skogs og bu for seg sjølve», fekk eg første band av Austlid Lesebok. Det var ingen andre førsteklassingar det året, så det var ingen å samanlikne seg med, og ingen å halde lag med i lesinga.

    Skuledagen tok alltid til med eit salmevers – eller fleire. På den måten fekk me god øving i dei salmane som me kvar vike hadde i utanboklekse. Etter song og an­dakt eller morgonbøn, var det alltid kristendom i første time: bibelsoge, katekisme eller forklaring. Om laurdag­en var det Bibellesing og utanboks salmevers. I storskulen hadde me og litt kyrkjesoge, så me fekk litt kunnskap om «kyrkjefedrene», pa­vane og katolikkane. Inntryk­ket som sat att, var at dei to siste gruppene måtte vere nokså fæle folk.

    Naturfag, der me lærde om plantar og dyr, var interess­ant. Litt skummelt var det med eit og anna fysikkekspriment, særleg med elektrisermaskina som fekk håret til å reise seg på hovu­det til den som var motig nok til å vere forsøkskanin. Og så den kvikksølvflaska som var så forferdeleg tung. Ein gong me skulle ha noko kvikksølv på eit papir, for det på golvet. Me kraup rundt for å samle opp perlene, men det var ikkje lett!

    Noregsoga med kongerekkjer og diverse slikt, kunne vere morosamt, særleg det om han Harald Hårfagre som lovde henne Gyda at han ikk­je skulle klyppe håret sitt før han hadde samla Noreg til eitt rike. Korleis det gjekk med dette riket etter slaget i Hafrsfjord, vart ikkje så klårt for oss. Mykje krangel vart det visst, og vanskeleg var det nok å verte viss på kven som var av kongeleg byrd.

    Landkunne var eit fag som eg hadde mykje til overs for. Kartet vart studert både nøye og lenge. Me fekk Skulekart (over Noreg) attåt Landkunna, dette var kanskje i 1930. Ein song om dei norske el­vane gjorde at det var lett å hugse dei. Eg kan endå første verset:

    Dei Norske elvane dei er mange,
    og sume stutte og sume lange.
    Dei fleste fossar i flog og flaum,
    men fåe flyt med ein stille straum».

    Så kom det tolv-tretten vers med to eller fire linjer om kvar elv. Regla om dei største fjor­dane i Finnmark, fekk nam­na til å feste seg for livstid: «Alle Piker Løper Til Vinduet». Kjenner nokon den ??

    Ja, stort sett var alt kjekt i skulen. Eg hadde likevel eitt problem: Skjønnskrift, som det heitte. Det hjelpte ikkje kor mykje «Nytt System» hadde over- eller underlinjer og raud forskrift til å skrive over. Alltid var der ein eller annan F som ikkje ville fylgje «systemet», eller ein K som tok seg ein krøll over midt­linja. For ikkje å snakke om at bokstavane skulle «liggje pent på skrå» etter kvaran­dre. Blekk-klattar vart det og, som slett ikkje pynta opp i boka.

    Den einaste gongen eg hugsar at eg fekk iretteset­jing, var i ein skrivetime. Me skulle sitje med rett rygg, og dette vart særleg påpassa i skrivetimane. Eg hadde vel sokke godt saman med kul på ryggen i eit intenst strev med den gjenstridige pen­nen. Då kjende eg eit fast tak i mine to lange hårfletter. Det var læraren som heiste meg opp og sa: «Eg skulle ha spikra dei fast her», medan han heldt flettene fast bak ryggstøet på pulten.

    Når det gjeld irettesetjing, eller skjenn, som me helst kalla det, så var vel eg heldig. Andre fekk nok meir av den sorten, særleg dei som hadde vanskar med å lære lekser. Eg minnest ein som sleit tungt med leksene, han hadde vel problem med lesin­ga óg.

    Men så hende det av og til at læraren fortalde his­torier, kanskje til utfylling, eller det var slikt som ikkje stod i våre bøker. Då kunne denne dummeeleven gje att soga mest ordrett. Der hadde han sitt talent, som berre så altfor sjeldan fekk kome fram.

    Ymse straffetiltak hadde læraren mot dei som ikkje kunne leksa, eller ikkje hadde gjort heimearbeidet. Ofte var det at dei måtte sitje inne og gjere dette arbeidet i friminuttet, når me andre var ute og leika. Meir alvorlege ting vart løna med attpåsitjing. Dette var ei større skam. så det gjorde knapt at lysten til skulen auka. Men kustus skulle det vere, lek­sene skulle alle gjere.

    Noko som me alle prøvde å unngå, var å spørje om å få gå ut i ti­men (på do) Slike ting skulle me passa på å gjere i friminuttet. Men når leiken gjekk som best, var det lett å gløyme seg bort. Ja, det var no ikkje alle lærarar som var like strenge på dette. Det var helst berre ein som me knapt våga å spyrje. Det var som å be om dårleg ver.

    Skykkja stod eit lite stykke frå skulehuset, nede i Hagen, me kalla. I den bygningen var óg tre slike nødvendige rom: eitt for gutar, eitt for jenter og så eitt for læraren. Det var ingen hage der, men kanskje hadde plassen ein gong vore etla til skulehage. men det vart aldri noko av den.

    Elevar i storskulen måtte yta ymse arbeidsoppgåver i samband med skulen. Etter som det var krinse» som sytte for brensel, fyring og reinhald, måtte store skuleborn ofte leggje i ovnen og kanskje også vaske, når det var deira huslyd som hadde tur. Et­ter tur måtte og kvart gards­bruk skaffe fram 1/4 mål ved. Den store runde ovnen måtte ha noko å et» om han skulle gje varme til frosne un­gar som hadde vassa gjennom snøfenner og fått na­glebit både på hender og føter. Det var så ymse stell med den veden, turr var han slett ikkje alltid. Dei som skulle leggje i ovnen, bar ofte kveiksle med seg hei­manfrå.

    Elles bar me ungane inn ved og stabla opp rundt ov­nen så han kunne turke. Dei dagane det skulle vaskast, vart det fyrt under den store jerngryta i gongen. Inn­lagt vatn var der ikkje, så det var ofte strevsamt å få tak i det. Om vinteren vart det vel oftast at ein fyllte gryta med snø, og så måtte det påfyllast etter kvart som han sokk ihop. Ei råd hadde me i turketider og: Gå opp i Lia til oppkoma hans Erik, der var det alltid vatn.

    Om våren måtte skulestova rundvaskast, og det var fellesarbeid. Då samla kvinnfolka seg til ein vaskedag, kanskje var der mannfolk med óg. For det var høgt under taket, så det måtte stillas til. Det vanlege med husevask var bukkar med plankar oppå, men det strakk vel ikkje til her. Både golv, vegger og tak (loft) var umåla tømmer, og når det vart vaska med grønssåpe og vatn lukta det veldig godt ! Golvet vart etter kvart slite og tungt å vaske. Det veit eg av eiga røynsle.

    Skulekrinsen gjekk óg sa­men om andre samkomer av det meir festlege slaget. Jule­festen vart oftast utsett til skulen byrja att etter nyttår. Det var læraren som styrde med den, og når han (eller ho) ikkje budde i krinsen, måtte me ta omsyn til det. Men så vart det og som ei ek­stra julefeiring, og det var det ingen som hadde imot.

    Å skaffe juletre gjekk óg på omgang. Og det var viktig at det var stort og velvakse, helst skulle det rekkje under taket! Nokon av dei største elevane, kanskje óg nokre ungdomar, hjelpte til med pynting. Juletrepynten hadde ofte hatt besøk av mus sidan sist år, så det måtte lagast nye korger og lekkjer. Skules­tova vart og pynta med farge­glade lekkjer av krepp-papir, norske flagg og grøne greiner.

    Kateteret vart flytta bort i ein krok, og lampen hengt over. For ein viktig del av program­met, i alle fall for oss som gjekk i skulen, var opplesin­ga! Me fekk velje oss stykke frå Norsk Barneblad, Magne eller julehefte som det ofte var mange av i juletida. Litt sommarfuglar i magen gjorde vel at me stotra litt, men når det var vel overstått og alle klappa, hadde me ei god kjensle i bringa.

    Elles gjekk me mykje om juletreet, julesongane vart gjerne sunge oppatt fleire gongar. Det vart kokt kakao på ovnen i gon­gen, mat hadde alle med, den vart lagt på fat og blanda, så me fekk smake dei andre sin mat óg. Så flytta dei jule­treet litt til side, og det vart leika «Eg gjekk meg over sjø og land», eller «Reven raskar over isen» og meir slikt. Dei store hadde rett som det var ærend ut for å sjå om det kom nokon. Og sanneleg, kom ikkje julenissen dette året og, med ei appelsine til kvart av borna. Det vart alltid gissa på kven som var jule­nisse. Så lenge me var små, skjøna me lite av dette, jule­nissen var no julenissen, han…

    Om våren var det eksa­men. Den skriftlege var no viss for dei som gjekk ut. Men enkelte år hadde me og noko som vart kalla muntleg eksamen. Då kom ein annan lærar saman med presten på besøk. Foreldre og alle som ville kunne då kome og høyre på, kva skuleborna i krinsen kunne. Helst var det nok i kristendom me vart overhøyrde.

    Eg hugsar ein gong eg fekk høve til å framføre eit stykke frå bibelsoga om ein som heitte kong Jeroboam eller var det Rehabeam ? Litt spursmål i andre fag fekk me no og, og så måtte me vel lese høgt så alle fekk høyre kor det stod til med den kunsten.

    Leselysten varierte vel litt hjå elevane, då som no. Men hjå nokon av oss var den stor. Skulebiblioteket utg­jorde kanskje to hyller i skåpet i kråa, utvalet var ikk­je så stort, og såvidt eg hug­sar var det dei same bøkene i alle mine sju skuleår. Men me las dei oppatt og oppatt, særleg dei som gjerne var berekna på eldre lesarar.

    Først tok eg vel fatt på «Smågutar», det var helst berre ei fille att av den, så var det «Veslefrikk med fela» og fleire som det fanst stykke i lesebøkene or. «Onkel Toms Hytte» var mest uuthaldeleg spanande, men du, kor trist det var med desse stakkars slavane!! Eg sat på sengekanten og las og gret, las og gret.

    Jacob B. Bull’s «Folkelivsskildringer» gløymer eg ikkje så lett. Dei gjorde inntrykk! Særleg den soga om taterane / omstreifårane som måtte dra vidare endå om gamlemor var døyande. Løysinga ga ho sjølv, såvidt eg hugsar: Ein flåte var slepa ut på djupt vatn, gamlemor sett på flåten med steinar bundne til føtene, og når døden kom, så gjekk det som det måtte gå. Men fylgjet for vidare, det var den måten dei løyste eit slikt problem på-, etter det boka fortalde.

    Torgeir Bjørnarå si «Dyresogor» og Sven Moren si «Den store tømmerdrifta» var av det meir barnslege utvalet. Men så var der ei som heitte «Raudsjøen», ei onnor «Ramnagrø», dei hadde me som eit inntrykk av at det var litt «ulovleg» lesnad, om forels­king/friing og meire slikt. Det vart ikkje snakka med ungar om slike ting den tida !!

    I alle mine sju år i folkes­kulen hadde eg funne meg godt til rette. Det hadde vore gode år. Då eg våren 1933 hadde min siste skuledag, var eg tung i hugen. Nokre tårer trilla det óg, for eg hadde så lyst å gå meir på skule, lære meir!

    Men utsiktene til det var ikkje store – i den tida.

    Ragnhild Jung