Skip to content

Med fjorden som skuleveg

    Omtrent midt inne i Masfjorden, på nordsida, ligg garden Bergsvik.

    Med fjellet i ryggen, som vern mot nordavinden, og fjorden sør, ligg garden svært lunt og fint til. Sjølv om Bergs­vik er ein sokalla «einbølt» gard, var han rekna f or e n av dei beste i Masfjorden. Etter 1980 går Masfjordvegen gjen­nom innmarka, men før var det fjellet eller fjorden som var ferdavegen. Saman med Lauvvik, på same sida av fjorden, og Skuggedal på an­dre sida (kalla Skeidalen) utgjorde desse gardane Bergsvik skulekrins. For bor­na på desse gardane var det fjorden som vart skulevegen deira.

    Sofie Låstad Lygre f. 1911 i Bergsvik og oppvaksen der,  fortel slik som skulegonga:

    «I alle mine år i folke­skulen var det omgangss­kule. Enten var skulen hjå oss i Bergsvika, eller han var hjå Rasmus i Skuggedal. Eg kunne lesa før eg byrja på skulen, og eg fekk ta til eitt år før eg hadde alderen til det. Det var då berre ei jente i skulen, og eg var mykje i lag med skuleborna ute i leik og slikt. Så fekk eg då halde lag med Sigrid i timane óg. Me jentene hadde eitt bord for oss sjølve, det var ikkje så stort. Men gutane hadde eit stort bakstebord å sitja ved. Me var 10 elevar i alt, og sku­lestova var oppe i 2. høgda. Lærarinna, ho Hilda, var ei bestemt og flink dame. Når me skulle innatt etter friminutt, måtte me stille opp, to og to, og ho passa på at me gjekk pent og stilt inn. Tres­koa sette me frå oss i gongen før me gjekk opp troppa. Men når me skule ut etter timen, vart det litt sjau før kvar fann sine tresko. Frå klokka 12 til 13 hadde me middags­stund, då åt me middag. Mor kokte middag óg til dei som var frå dei andre gardane. Dei hadde med seg fisk og pote og ellers brødmat som dei styrde med sjølve.

    Hjå Rasmus i Skeidalen var dei fleire som gjekk i sku­len på same tid, så han ville helst ha skulen der. Då slapp dei å niste ut så mange. Der var det óg kona i huset som kokte middag til oss. Me åt då ved same bordet som husets folk, men læraren hadde eit lite bord for seg sjølv. Han hadde seng i skulestova, og når me gjekk ut, såg me at han låg i senga og las . For den stova låg litt lågare enn huset ellers. Det var tre rom oppe på lemmen, og der som me ungane låg, var det berre eitt glas i taket (ljore) som ikkje kunne latast opp. Der var fem senger, og me var of­tast 10 stykker som låg der. Me var tre jenter i skulen og me låg i ei seng. Eg hugsar at eg låg alltid i midten ! (Eg likte best når skulen var i Bergsvika, for der hadde eg mi eiga seng.)

    Å bu i Skeidalen om vint­eren gav oss både morosame – og mindre morosame – opplevingar. Oppe på lemmen var det iskaldt. Når me hadde fått kleda på oss, måtte me ut på den endå kaldare gangen, og ned på kjøkkenet. Der gjekk det ein open vask ut om veg­gen, og vatnet rann ned i ei opa grøft. Ofte var det isbetar i vaskevatnet. Men vaska oss måtte me, og etterpå såg dei om me var reine i øyrene. Ja, då var det godt å kome inn i den varme stova, finne niste­tina med brød og smør, suk­ker og litt gamalost!

    Læraren fekk litt ekstra stell, dei la i ovnen i skules­tova før han sto opp. Etter ei skuleveke var det godt å kome heim til helga! Og når eg tykte matstyret ikkje var så godt, var det fint å glede seg til laurdagskvelden. Då hadde me alltid raspekaker heime!

    Eg hugsar ein gong då det låg is på fjorden så eg vart liggjande over til sundag. Då kom far og bror min over og henta meg. Far skjente fordi eg la meg til der borte endå Arne Reknes (som då var lærar) var komen over til Lauvvik mellom isflaka! Men han hadde fått skyss av Ras­mus, og dei sa ingen ting til meg at dei reiste!

    Etter skuletid var me ute og leika. I Skeidalen hugsa eg at me hadde ein steinslede som me brukte til kjelke. Når me sette utfor bakken med sleden full av ungar, fekk me skikkeleg fart! Sør for huset var ei brekka som var passeleg bratt, med ei stor myr nedanfor. Det gjekk alltid bra, me kom aldri så langt at me enda i elva. Sled­en var sjølvsagt tung, men me var mange til å dra den oppatt!

    Av og til gjekk me ned på Oldrebakken (ein gard lenger nede), særleg når Styrk var heime. Han var byrja å foto­grafere, og me fekk og vere inne på mørkerommet når han framkalla bilete. Det tykte me var svært moro. Eg hugsar godt det fyrste biletet eg såg: Det var tanta hans, ho Sina, ho stod attmed ein vegg og strikka – i sin finaste stas! Han la det i ei skål – i ei væske, der såg me at biletet kom fram!

    Det kom nye folk i Skeidalen og ein annan huslyd var flytta til Rognøy, så det minka med skuleborn. Då me i 1925 var tre stykker som gjekk ut, vart det slutt på Bergsvik skulekrins. To gu­tar, bror min og ein annan, gjekk eitt år til Eikemo, sidan vart dei flytta over til Mollandseid. Der var det kome skulehus, og dei budde på lemmen over skulestova. Klokke hadde dei ikkje, så dei sto opp når dei høyrde at ho Hilda fyrde i ovnen. Noko å varme seg på, var det ikkje på lemmen, kaldt var det så smøret let seg ikkje smørje. Dei skar brød og smør i snei­er som dei la oppå! Då fekk yngste syster mi det betre, ho var mykje sjukleg, så ho fekk bu hjå henne Hilda. Så der hadde ho det nok godt.

    ved Ragnhild Jung