Skip to content

Soga om skulen er óg soga om vegen

    M.H.Matre skriv i artikke­len: «Soga om vegen» i Masfjordboka band II: «Med ein viss rett kan ein seie at utvik­linga i folkeskulen kom til å verte ei sak som førde vegkrav med seg.» Og i same boka skriv Lars Nordland om ein lærar som nekta å søkje lærarpost på Kvingo, fordi «Adkomsten til skolehuset er for besværligfor børnene!»

    I ei tid då sjøen/fjorden var ferdselsveg nr. ein, fanst det skulekrinsar som ikkje kunne bruke den vegen. Slik var det iallefall for «dalingane». Gardane Kvamsdal, Byrkjeland, Lia, Lindebotn og Brekkene, 12 huslydar i alt, utgjorde Kvamsdal skule­krins.

    Alt i 1880 kom det til heradstyret krav om veg Hosteland – Byrkjeland. Det vart gjort vedtak om bygging i to parsellar, først frå Hoste­land til Kvamsdalsvatnet, den andre frå øvre enden av Kvamsdalsvatnet til Byrkje­land. Vegen skulle byggast som «ridevei med tre alens bredde», og oppsitjarane hadde teikna seg for 337 dagsverk i året så lenge vegarbeidet varde. Heradstyret hadde lova tilskot: 1/5 av «bro og mineringssutgifter». Det ser ut til at bygging av vegen ovanfor vatnet kom i gong ein eller annan gong før århundreskiftet. For i 1901 låg der føre klage i heradstyret om at vegen mellom vat­net og Byrkjeland vart bygd med for stor breidd!!

    Åsta Birkeland, fødd på Byrkjeland i 1905, fortel slik om vegen – og skulen:

    «Eg hugsar ikkje anna enn at det var veg ned til Kvams-dalsvatnet, til Vika. Der hadde         byrkjelendingane båtane sine. Dei var i bruk både når me skulle til sjøen etter lass, eller når me skulle i Kvamsdalen i skulen. For det var omgangsskule i mange år endå, så sjølv om skuleborna fekk nytte av ve­gen, måtte dei bruke båt attåt. Det var bru over Storel­va som mangla, og den kom ikkje før fleire tiår seinare.

    Eg hugsar godt at det vart halde skule i stova vår på Byrkjeland. Det stod då eit stort langbord på golvet, med langbenker innåt. Endå kan eg sjå for meg kvar den enkelte sat. For dei hadde faste plassar, dei or Kvamsdalen óg. Annakvar tur var skulen hjå naboen vår, for dei hadde óg ei stor stove.

    Eg var ofte med i skulen, sjølv om eg ikk­je var gammal nok. Lærarane budde helst hjå oss, og ein av dei var svær til å halda moro med meg. Eg fekk sitje på skulekista og høyre på. Då hende det kanskje at eg sov­na. Når eg så vakna sat eg med hatten til læraren på ho­vudet, og alle ungane hadde moro av det.

    Denne læraren, Skibenes, slutta det året eg skulle byrje i skulen. Difor fekk eg vere med siste sku­ledagen om våren. Då var skulen på Kvamsdalen, i gamlehuset «under Ham­rane».

    Same hausten, i 1912, var skulehuset vårt fer­dig og vart teke i bruk. Eg hugsa då det vart bygt. Den haugen der dei sette det, var alltid så full av tyttebær om hausten…

    Sjølvsagt var det stor stas å få nytt og fint skulehus ! Her var det ikkje langbord og benker. Nei, kvar hadde sin eigen pult, stor eller liten et­ter som ein var vakse» til. Slik at dei små skulle sleppe å dingle med beina og dei store slapp å krøkje seg i hop. Utanfor var der leike­plass, me kunne springe rundt huset når me leika tikken, og det var det høve til i friminuttane.

    Midt på dagen hadde me ein heil time fri, det var middagsstunda. Dei som budde nærast, gjekk heim og åt middag, me andre åt nista vår. Hjå oss var me fleire sysken som gjekk i sku­len samstundes. Det var difor mange å niste ut, så det hende ofte at nokon hei­manfrå kom med middag­smat til oss. Helst var det fisk og pote, med ein liten smørbete attåt, kanskje. Dette vart bore i ein liten kasse som dei bar på ryggen. Dersom dei ikkje var komne når middagsstunda byrja, gjekk me til møtes med dei.

    Ein gong hadde mor sendt Margit, ei yngre syster, med middagsmat til oss. Mor hadde sjølvsagt laga det til i kassen som Margit fekk på ryggen.og så tok ho i veg. Men då ho kom til leet mot utmarka, stod det tre hestar der, så ho torde ikkje å late opp leet. Då kunne hestane kome på bøen. På skulen vart det middagsstund, og me gjekk til møtes med den som bar maten, som vanleg. Me kom heilt til leet før me møtte nokon. Då var Margit i ferd med å klive over, for opne leet torde ho ikkje. No hjelpte me henne over, gjekk eit stykke nedover vegen før me åt middagen vår. Etterpå fylgde me henne attende og hjelpte henne om leet.

    Me hadde veg til skulen, men sanneleg kunne det røyne på likevel. Særleg vin­tersdag med snø og renne-fok. Då var det ikkje alltid råd å sjå vegen, og på nedsida gjekk elva! Dersom ve­ret vart altfor fælt utover dag­en, kom nokon og henta oss når skulen slutta. Oftast gjekk me i tresko, men i snøen dugde ikkje dei, då måtte me ha lersko med snøsokkar utanpå.

    Då eg tok til i skulen, fekk me ny lærar. Han heitte Engesæter, og hadde ei tid både Sleire og Kvamsdal krins. Det veksla med talet på skuleborn, eitt år var det kanskje todelt, eit anna år samla skule. Eg hugsar at syster mi og eg gjekk av og til same dagen i skulen, av og til gjekk me på ulike dagar.

    Siste året eg gjekk i skulen, hadde me visst 6-7 forskjel­lige lærarar. Det var visst pengemangel, så det vart teke ei eller to viker frå andre krinsar, slik at me fekk skule.

    Ei tid hadde me ein student, han fekk me ha litt lenger. Han heitte Bernhard og var frå Ådnekvamme. Eg hugsar me tykte han var flink. Seinare tok han lærarutdanning.

    Det året eg slutta i skulen, var eg den einaste som gjekk ut i vår krins.

    Når eg skulle til presten, måtte eg gå frå Byrkjeland og ned i Vika, ro over Kvamsdalsvatnet og gå til Hosteland. Derfrå var me seks 14-åringar som rodde til Sandnes. Den eine av desse, ein frå Øyra, drukna i Ostavatnet om hausten.

    Å fare til Hosteland til bu­tikken eller anna ærend, var for oss på Byrkjeland eit dagsarbeid for to mann. Først kjørde me ned i Vika. Ein måtte så ro over vatnet med det me skulle ha med oss. Den andre måtte gå oppatt i Lia, over til Lindebotten og vi­dare resten av stranda med hesten. Eg gjekk mange gonger med hesten, og det var svært freistande å setje seg oppå og ri. Ja, når eg tenkjer på kor eg reid ned bratte kleivar, så er det eit under at det gjekk vel ! Men me leit på hesten, han kjende vegen og me var trygge på at det skulle gå bra.

    Ein av naboane våre hadde ein stor båt som han brukte til å føre hesten over vatnet. Men ein gong gjekk det gale, hesten stupte ut av båten og drukna. Eg trur ikkje det sidan vart førd hest i båt av nokon frå Byrkjeland. Men eg hugsar godt at dei i Kvamsdalen førde hestane over vatnet. Deira hestar var så vane med dette, at dei fór sjølve ned til båten og venta til nokon hadde dei inn i. Nedom vatnet hadde både me og Kvamsdalingane kjer­rer, firhjulskjerrer som me køyrde til Hosteland med. Ridevegen var vorte til køyreveg, både for dalingane og hostelendingane. Men det er ei anna soge…»

    fortald til Ragnhild Jung