Skip to content

Det gamle Sandnes

    Kyrkjesundagar og andre festdagar

    Det største huset på Sand­nes i den tida var kyrkja. Sidan det berre var kyrkje på Sand­nes og Solheim, var det ofte preikesundag. Den sundagen det ikkje var preik, var me heime hjå bestemor og beste­far; der vart det lese frå ei an­daktsbok, og så song me.

    Dei vanlege preikesundagane var det helst dei som budde nærast som møtte opp. Frå Areklettlandet kom dei alltid, då medhjelparane var derifrå. Klokkaren var frå Andvik, så frå desse stadane var der alltid folk med kyrkja. Men elles var folk flinke til å koma både frå Bauge, Kvamme og Elvik.

    Etter preika gav dei seg god tid til ein prat og ein kaffidrope hjå kjendsfolk. Dersom det var barnedåp, var dei alltid inne hjå nokon for å stella barnet til i dåpskjolen før dei gjekk i kyrkja. Eg hugsar at det ofte var nokon hjå bestemor. Det var vel heller ikkje så rart, for ho var jordmor og hadde vel teke imot dei fleste då dei kom til verda. Ved slike høve hadde folk med seg god mat, lefsek­ling og anna godt, som dei då bad inn fadrane og andre slektningar på, for det var ikkje alltid at dei kunne vere med til heimen etterpå.

    Om sumrane var det ofte nokon som gifte seg, og då måtte dei til kyrkje på Sandnes. Då var me på galleriet og såg på brura. Det var helst krunebrur, men ei og anna med slør og. Etterpå fylgde me bryllupslaget på bryggja når dei reiste att.

    Men den dagen som samla mest folk i kyrkja var konfir­masjonsdagen. I den tida var den om hausten. Heile suma­ren gjekk me for presten ein gong for vika. Dei frå Sleire og Dalane måtte gå til sjøen og så ro til Sandnes. Som oftast var det eit vakse menneske med i båten for å halde styr på dei.

    Me på Sandnes vart kjend med mange i den tida dei gjekk for presten. Konfirmasjonsdagen slapp dei å ro, då kom dei med motorbåtar og skøyter. Då var foreldre og sysken med, så mange som berre kunne kome frå, ofte var der dåpsborn og, så den dagen var det trangt om plassen i kyrkja.

    Konfirmantane sat i rekkjer frå høgetelet og mest ned til døra, alle alvorlege og spente. Jentene var alle i svarte kjolar, gjerne med litt kvit pynt rundt halsen, ogsvart sløyfe i håret, gutane hadde myrke dressar. Det var overhøyring óg den dagen, så det vart ein lang dag. Alle sukka letta når presten var ferdig å spyrja.

    Når alt var ferdig i kyrkja, gav folk seg likevel god tid til å helsa og snakkast før dei tok på heimveg. Konfirmantane gav kvarandre kort, og takka for i år.

    Me på Sandnes var på bryggja til alle var reiste, for det vart nok ei god stund før me såg dei att!

    På Sandnes var det og andre årlege samankomstar som det er gildt å tenkja attende på. Tredje pinsedag var det misjonsauksjon, då alt som had­de vorte laga på misjonsforeninga om vinteren skulle seljast. Alle konene, ja, mennene og når dei hadde høve til det, frå Arekletten, Holsøyna, Duesund, Bauge og Kvamme, kom då til Sandnes, og saman med alle sandnesingane vart det mange.

    Auksjonen var i skulestova, og så hadde dei maten nede i kommunesalen, for det var skikkeleg fest. For oss borna var det ein stor dag, for me og hadde forening og hadde brodert dukar som skulle seljast. Dei eldre konene hadde pynta seg med kvithuva og brodert forkle.

    Både kvithuver og broderte forkle var å få kjøpt på auksjo­nen. Eg hugsa at mor hekla mange «kantar» som skulle vera på kvithuver, og ho sydde kvit­huver og. Han som auksjoner­te var frå Varleite og heitte Martinus, men dei sa Martenes. Det var ein koseleg gamal mann som var flink til dette arbeidet. Når han auksjonerte garn som kona hadde spunne, sa han alltid: «Dettane her har ho Sygni spunne». Me ungane tykte dette var så artig så me tok det oppatt mange gonger når me lest halda auksjon.

    Utpå dagen kom alltid ung­gutane óg på auksjonen, for då vart det seld rjomegraut som dei i Duesund og Arekletten hadde laga. Karane kjøpte då graut, og sidan bad dei jentene med seg for å smaka på.

    Jonsokaftan er og ein slik minnerik kveld. Dei fyrste åra eg var med, brende me bål på Kletten. Men så vart det slutt på å brenna der, og me samla ved frammed stranda og brende på Litleskjeret. Etter bål­brenninga var det rjomekolla som skulle smakast på. Ja, me hadde alltid fyrst rjomekolla heime, men då var der eit fat som skulle vera til samkoma der alle var med. Var veret fint og varmt, bar karane ut bord attmed kommunehuset, og alle kom med fata sine. Det var langt å vera eit rjomekollefat, så rjomen losna no gjerne frå kanten, men kva gjorde det ! Rjomekolla smaka godt like­vel. Dei vaksne hadde seg gjer­ne ein liten svingom til musikk frå munnspel eller trekkspel. Det like me godt å sjå på, og me gjentene var ikkje så gamle før me prøvde oss.

    Andre tider det var liv og røre og mykje folk på Sandnes, var om sommaren i brislingfisket. På Sandnes hadde dei notbruk med skøyter og båtar som høyrde til. Om vinteren for dei til Fedje etter storsilda, og om sommaren rundt i fjordane et­ter brislingen. Når det så frettest at det var sett «steng» nokon stad, kom ei mengd notbruk og venta på silda.

    Om dagen låg det fullt i skøyter på begge vikene og nede ved dampbåtbryggja. Når kvelden kom, fór dei ut på fjorden for å leita etter silda. Då dunka det sakte-sakte der skøyta fylgde etter småbåten som ba­sen sat i og kjende, lodda, etter silda. Det vart nok fortalt mange skoser om korleis dei gjorde avtalar om å gje teikn på at dei hadde sild på loddet. Ei slik kan me ta med: Ein bas hadde avtale med folket sitt at når han fann sild, skulle han ta huva av seg. Det var teikn på at no måtte dei setja farten opp og la nota gå.

    Då han kjende silda, vart han så ivrig at han ropte: «No tek eg huva tå meg» !

    Alfhild Daae

    Pages: 1 2 3 4 5 6
    « Forrige1 ... 45 6