Skip to content

Det gamle Sandnes

    Dei på garden

    Oppe under fjellet budde då begge gardbrukarane, Andre­as innom Hogen og Erik sørom. Erik hadde óg posten i den tida. På begge bruka var der hest, kyr, sauer og geiter. Den store dagen om våren var når dei løyste kyrne. Kyrne sprang og dansa, og alle me ungane sprang og dansa etter sørover vegen. Når så bølingane kom i hop, vart det litt slåssing, men det var alltid nokon som skilde dei åt dersom det gjekk for hardt for seg. Me ungane had­de knapt tid til å gå heimatt å eta, for dette var moro. Nokon vaksne måtte vera att og passa bølingane og dei fekk seg mid­dag som dei åt ute. Dei gjette slik i nokre dagar, for elles ville kyrne koma heimatt. Det var vel ikkje alltid så mykje grønt å bita i. Så kom dagen då kyrne måtte liggja ute, då vart det kveikt bål og «daura». Kyrne forsto visst dette, og når dei så vart mjølka, roa dei seg.

    I potetsetjinga hugsa seg at me ungane på stranda hjelpte til, då helst «søom Hogen», for der var jamaldringane og slektningane. Me gjekk no gjerne like mykje i vegen som me gjorde nytte, for åkeren var ikkje så stor. Kor langt potetene skulle stå frå kvarandre, målte me med foten.

    Når sumaren kom og høyet kom i løa, var det mest «innom Hogen» me heldt til, for i deira løa var det kjørebru så det var høgare å hoppa. I løa «søom Hogen» skulle me liggja i høyet ei natt, men det vart ikkje mykje søvn! Dei som var eldre enn oss fann på å kle seg ut som spø­kjelse, og kom når det var på det dimmaste.

    Og i firetida om morgonen byrja Erik å slå, for det var viktig å slå medan dogga låg i graset. Ljåen beit betre då. Løa og floren som var på garden då, er vekke, den nye står lenger nede. Inne hjå Andreas hadde dei håkumma – dei sa ikkje silo i den tida – og håslåtten heldt me til der og hoppa i håna. Han fekk nok håna godt pressa, slik som me herja på, og så mange som me var. Oppe hjå Andreas kjøpte me og mjølk, men det vart no ikkje så mykje på kvar unge!

    Pages: 1 2 3 4 5 6